Shanice Craft

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shanice Craft
Remove ads

Shanice Craft (fødd 15. mai 1993) er ein tysk friidrettsutøvar frå Mannheim som tevlar i diskoskasting og kulestøyting. Ho vann bronsemedaljen i diskoskast tre europameisterskap på rad, 2014-18.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Craft smelte til med eit diskoskast på 65,88 meter under den tyske friidrettsmeisterskapen i Ulm 26. juli 2014, eit kast som framleis i 2021 er hennar personbeste i øvinga. Tre veker etter den nasjonale meisterskapen i Ulm oppnådde ho 64,33 m i øvinga ved EM 2014, meir enn nok til bronsemedalje. To år seinare sikra ho seg ein ny EM-bronse gjennom eit kast på 63,89 m. Sommaren 2018 vart ho med eit kast på 62,89 m i Nürnberg tysk diskosmeister for andre gong. Ho fylgde opp med 62,46 m og bronse ved EM 2018 i Berlin.

Craft sin personlege rekord i kulestøyt er på 17,75 meter, ein prestasjon som gav henne bronsen i den tyske 2014-meisterskapen i Ulm.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads