Sharonsletta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sharonsletta
Remove ads

Sharonsletta (hebraisk שרון) er den nordlege halvdelen av kystsletta i Israel. Den største byen her er Netanya.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Sletta ligg mellom Middelhavet i vest og Samariaåsane, 15 km i aust. Ho strekkjer seg frå Haifa og Karmelberget i nord til Yarkonelva i sør, i utkanten av dagens Tel Aviv, etter kring 90 km. Delar av sletta ligg innafor Haifa, Sentral og Tel Aviv-distrikt i Israel. I 2008 budde det i alt 1 131 600 innbyggjarar på Sharonsletta,[1] 965 300 av dei (85,3%) er jødar og 166 300 (14,6%) arabarar.

Saronsletta er nemnt i Bibelen (1 Krøn. 5:16, 27:29; Jesaja 33:9, 35:2, 65:10), mellom anna den kjende referansen til den gåtefulle «blomen frå Saron» (Høgsongen 2:1). I antikken var sletta særleg grøderik og tett folkesett. Sionistiske emigrantar kom her tidleg på 1900-talet og folkesette regionen med mange busetnader.[2] I 2008 var sletta den tettast folkesette regionen i Israel.[3]

Meir informasjon Cities, regionale kommunes ...
Remove ads

Sjå òg

  • Sarona, ein tempelriddarbusetnad på Sharonsletta.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads