Shaunae Miller-Uibo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shaunae Miller-Uibo
Remove ads

Shaunae Miller-Uibo (fødd 15. april 1994) er ein friidrettsutøvar frå Bahamas som tevlar i sprintløp. Ho vart olympisk meister på 400 meter både i 2016 og 2021, samt verdsmeister 2022. Hennar personbeste på 200 meter og 400 m er på 21,74 og 48,36 sekund, oppnådd i høvesvis 2019 og 2021.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

19 år gammal kom Miller på fjerdeplass på 200 m ved Moskva-VM. To år seinare vann ho sølvmedaljen på 400 meter under VM i friidrett 2015 i Beijing, einast Allyson Felix sprang fortare. Året etter vann Miller gullmedaljen på same distansen då Sommar-OL 2016 vart avvikla i Rio de Janeiro, sju hundredels sekund føre nemnte Felix. I London-VM 2017 gjorde Miller det best på 200 m, der ho tok bronsen. Under verdsmeisterskapen 2019 gjorde ho eit fabelaktig godt 400-meterløp på tida 48,37, trass i dette måte ho sjå seg slått av marokkanske Salwa Eid Naser.

Miller-Uibo tok sitt mun att under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021, der ho forbetra sitt personbeste på 400 meter med ein hundredels sekund til 48,36 sekund og vann ein suveren siger. Eitt år seinare vann ho distansen også i friidretts-VM i Eugene i USA, som i Tokyo framom den neste verdseinaren på 400 meter for kvinner, Marileidy Paulino.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads