Shenzhen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Shenzhen er ein storby i den kinesiske provinsen Guangdong ved kysten mot Sørkinahavet. Byen ligg på austbreidda av estuaret til Perlefloda, tett opp mot Hongkong. Eit overslag over folketalet innanfor bygrensene var 8,9 millionar i 2009.
I 2017 hadde Shenzhen eit estimert registrert folketal på 12 905 000.[1] Politi og styresmakter i byen estimerer at det verkelege folketalet er rundt 20 millionar, på grunn av store mengder kortvarig busette og uregistrerte innbyggjarar og andre tilreiste.[2][3]

Remove ads
Historie
Det har vore busetnad i området i 6000 år. Historia til Shenzhen kan delast inn i fire periodar:
- Baiyue-stammane (forhistorisk tid til 1573): Under Xia- og Shang-dynastia var Shenzhen ein tilhaldsstad for baiyue-stammane, som var sjøfarande folk. Dei som budde her var kalla nanyue, ei sørleg gruppe av hiyue-folket. Dei livnærte seg for det meste av fiske.
- Eige «fylke» (1573-1841): I 1573 vart det organisert eit fylke kalla Xinan i det området som i dag er Shenzhen og Hongkong. Dette var ein del av militærområdet Dongguan. Fylkeshovudstaden var i Nantou. Salt, te, krydder og ris vart berande for økonomien i fylket.
- Territorielle konsesjonar til Storbritannia (1842-1898): Nanjingtraktaten som vart påtvinga kinesarane av britane vart underteikna den 24. juli 1842. Traktaten legitimerte den britiske overtakinga av Hongkongøya sør i Xinan fylke. Den 11. januar 1890 vart også Kowloon-halvøya avstått til Storbritannia (Pekingkonvensjonen), og den 21. april 1898 vart Qing-dynastiet tvinga til å «leige ut» det såkalla New Territories til Storbritannia for ein periode på 99 år. Dette området kosta Xinan ytterlegare 1 055,61 km2 av totalt 3 076 km2. I 1913 fekk Xinan fylke det nye namnet Bao'an fylke, for å hindre forveksling med fylket Xin'an i provinsen Henan.
- Grunnlegginga av Shenzhen (1979). I mars 1979 vart Bao'an fylke omgjort til byen Shenzhen. I 1980 vart byen utpeika som ei «spesiell økonomisk sone», den første av desse i landet.[4]
Remove ads
Styresmakter
Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Wang Weizhong, og borgarmeisteren er Chen Rugui (2020).
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads