Shepperton

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shepperton
Remove ads

Shepperton er ein liten by i distriktet Spelthorne, som ligg i Surrey i England. Han ligg ved Themsen, og blir delt i to av motorvegen M3.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...

Namnet kjem frå Shepherds Town, 'Sauegjetarbyen'.

Den eldste delen er området rundt Church Square. Byen har seinare vakse nordover, då det vart anlagt ein jernbanestatsjon omkring halvannan kilometer nord for sentrum. Det er togsamband til Waterloostasjonen i London.

Shepperton Studios, eit av dei viktigaste filmstudioa i England, ligg i byen. Forfattaren James Graham Ballard budde der, og H.G. Wells nemner byen i boka Klodenes krig, der han blir øydelagt.

Shepperton høyrde til grevskapet Middlesex til 1965. Då Stor-London vart ein egen region i 1965 vart det meste av Middlesex ein del av denne, medan Shepperton vart overført til Surrey.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads