Shirley Temple

amerikansk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Shirley Temple
Remove ads

Shirley Temple Black (23. april 192810. februar 2014)[2] var ein amerikansk skodespelar og diplomat. Ho vert rekna som tidenes største barneskodespelar.[3]

Thumb
Shirley Temple med Canadas statsminister William Lyon Mackenzie King i 1944.
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Shirley Temple var dotter av George Francis Temple (1888–1980) og kona hans Gertrude Amelia Krieger (1893–1977). Allereie som treåring byrja ho på danseskule i Los Angeles. Der vart ho oppdaga av Charles Lamont, og vart ei såkalla barnestjerne.

Karriere

Ein av dei fyrste filmrollene til Temple var i musikalen Bright Eyes (1934), som ho vann ein Oscar for. Ho medverka i eit stort tal filmar i 1930-åra, og var ei av dei største filmstjernene på den tida. Temple trekte seg tilbake frå rampelyset i byrjinga av tjueårsalderen.

Då Temple var 16 år gammal gifta ho seg med skodespelaren John Agar, og dei fekk ei dotter. Dei skilde seg ganske snart, og i 1950 gifta ho seg med forretningsmannen Charles Alden Black som ho fekk to barn saman med.

Temple vart seinare politisk interessert og vart medlem av Det republikanske partiet. I 1967 prøvde ho å verte vald inn i Kongressen, utan å lukkast. Ho fekk i staden fleire diplomat-oppdrag, då ho blant anna deltok ved fleire internasjonale konferansar og møter som delegat frå USA. Ho var ambassadør i Ghana, og seinare i Tsjekkoslovakia.[4] I 1976 vart ho protokollsjef for USA, og var i denne stillinga ansvarleg for alle USA sine seremoniar, besøk og gåver til utanlandske dignitærar. Temple var også styremedlem i fleire større føretak, som The Walt Disney Company og Del Monte Foods.

Shirley Temple har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1998 vart ho tildelt Kennedy Center Honors. I 1999 vart Temple kåra til tidenes 18. største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.[5]

Remove ads

Filmografi

Temple var ein skodespelar som var aktiv i filmindustrien frå 1932 til 1949. Ho var med i fleire kortfilmar om livet hennar og til andre skodespelarar som ho arbeidde med i løpet av karrieren sin.[6]

Spelefilmar

Meir informasjon År, Film ...

Kortfilmar

Dei fleste filmane i perioden frå 1933 til 1934 vart produserte som ein del av serien Baby Burlesks.

Meir informasjon År, Film ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads