Sigbjørn Slinning

norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sigbjørn Slinning (fødd 6. oktober 1945) er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger. Han spela i alle år for Viking, i perioden 1961-82 spela han 523 kampar for klubben, einast Svein Kvia spela fleire kampar for klubben. Dei fyrste åra var Slinning angrepsspelar, men vart etterkvart fast på venstre backplass. Han spela fast på Vikings gull-lag i perioden 197275.

Kjappe fakta

Slinning debuterte for Noregs landslag på heimebana Stavanger stadion den 3. juli 1969. Dei neste sesongane spela han jamt fast på landslaget, og fram til 1976 aksla han den norske landslagstrøya i totalt 42 landskampar og skåra eitt landslagsmål.

Remove ads

Merittar

  • Norsk seriemeister med Viking i 1972, 1973, 1974 og 1975
  • NM-sølv 1974 med Viking

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads