Sigleif Johansen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arnt Sigleif Johansen (fødd 25. oktober 1948) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Tana. Han vann sølvmedaljen på 20 km under VM i skiskyting 1977 i Vingrom og bronsemedaljen i same øvinga under VM 1979 i Ruhpolding, samt VM-sølv i stafett i 1978. Individuelt vann han fire noregsmeisterskap i tida 1976-81.
Remove ads
Johansen deltok i sitt fyrste verdsmeisterskap i skiskyting i 1975, og hamna langt nede på resultatlistene. Han fekk ikkje plass i OL-troppen 1976. Seinare i sesongen vann han likevel begge dei indivielle tevlingane under noregsmeisterskapen i Melhus. I 1977 vann han sølvmedaljen på 20 km under verdsmeisterskapen i Vingrom, berre slått av Heikki Ikola frå Finland. Året etter gjekk han på norske stafettlaget som tok sølv under VM 1978 i Hochfilzen, dei andre på laget var Odd Lirhus, Roar Nilsen og Tor Svendsberget. På 10 km i same meisterskapen kom han på femteplassen. Under VM i skiskyting 1979 i tyske Ruhpolding vann Johansen bronsemedaljen på 20 km, bakom verdsmeisteren Klaus Siebert frå DDR og Aleksandr Tikhonov frå Sovjetunionen. Johansen deltok i dei olympiske vinterleikane 1980 i Lake Placid, men utan å vinne nokon medalje.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sigleif Johansen» frå Wikipedia på tysk, den 16. november 2013.
Bakgrunnsstoff
- «Sigleif Johansen». olympedia.org. Henta 15. november 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads