My Love av Petula Clark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«My Love» er ein song frå 1965 av Petula Clark som tidleg i 1966 vart ein internasjonal hit. Han nådde toppen av hitlista i USA. Songen var skriven og innspelinga produsert av Tony Hatch.
Remove ads
Historie
Tony Hatch skreiv ferdig songen i november 1965 på ein flytur frå London til Los Angeles. «My Love» vart spelt inn i Western Studios[1] med The Wrecking Crew som akkompagnement.[2] Petula Clark fortalte: «Me spelte inn tre songar den dagen...Eg likte dei to andre godt, men eg likte verkeleg ikkje 'My Love'...Eg syns han var for ordinær. Eg hadde blitt så vant til desse vedunderlege songane til Tony med desse forskjellige stemningane og eg syntest 'My Love' vart litt flat.»[3] Clark hadde så prøvd å få Warner Bros. til å la vere å gje ut denne songen, men dei bad ho stole på dei.[3]
«My Love» vart vald ut som singel og Clark gjekk igjen til topps på den amerikanske singellista, for første gongen sidan gjennombrotet hennar med «Downtown». «My Love» låg 13 veker på Billboard Hot 100 og nådde toppen den 5. februar 1966,[4] der han låg i to veker.[5] Dette gjorde Clark til den første kvinnelege, britiske artisten som hadde to førsteplassar i USA.[6] Songen gjekk òg til topps i Canada på «RPM Play Sheet»-lista,[7] «My Love» gjekk høgt på den britiske Record Retailer-lista for første gongen sidan «Downtown» gjorde det same to år tidlegare og nåddde fjerdeplassen i mars 1966.[8] I Storbritannia selde singelen til sølvlate for 200 000 selde eksemplar.
Salslister
Remove ads
Andre versjonar
- Ei norsk utgåve kalla «Det er så lett å leve livet» vart spelt inn i 1966 av Vigdis Mostad, og ei svensk utgåve kalla «Det är så lätt att leva livet» vart sungen av Gitte Haenning og ei finsk utgåve kalla «Rakkauteni» vart sungen av Hannele Laaksonen. «Rakkauteni» vart òg spelt inn av Laila Kinnunen.
- Mrs. Miller spelte inn songen i 1966 på debutalbumet hennar.
- John Davidson spelte inn songen i 1966 for albumet sitt Time of My Life!.
- Albumet Pet Project av Bob Florence Big Band frå 1967 inneheld ein instrumentalversjon av «My Love».
- Sonny James spelte «My Love» i 1970. Versjonen hans nådde toppen av Billboard Hot Country Singles-lista.[24] Ein annan countryversjon vart spelt inn av Barbara Fairchild same året.
- Nancy Boyd song «My Love» i 1987 på albumet hennar Let's Hang On.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads