Sikh Light Infantry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sikh Light Infantry er eit regiment i den indiske hæren med røter tilbake til den britisk-indiske hæren. Regimentet har ein sterk sikh-identitet, og symbolet for regimentet er to stiliserte sikh-våpen, ein kirpan over ein tsjakram. Dei fleste soldatane i regimentet er mazabhi-sikhar, andre kjem frå ramdasia-kasten. Offiserar kan ha andre typar bakgrunn.
Regimentet har heitt «Sikh Light Infantry» sidan 1944. Det opphavlege namnet var «The Mazabhi and Ramdasia Sikh Regiment», som blei oppretta for å kjempa i andre verdskrigen i 1941. Sikhar hadde då lenge tent i den britisk-indiske hæren, ofte i einingar kjend som «Sikh Pioneers». Då LI blei danna tok det over regimentsfargane, tradisjonane og ærestilvisingane til desse pionerane.
Sidan India fekk sjølvstende har regimentet teke fleire ulike roller, ikkje berre som infanteri men også innan luftvåpen, marine og som spesialstyrkar. Det har teke del i Siachen-konflikten i Kashmir, kontraterrorisme og i United Nations Emergency Force under Suezkrisa.
Religiøst er regimentet nært knytt til dei gamle akali nihang-krigarane og til guru Gobind Singh.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads