Sildekongefamilien
familie av strålefinnefiskar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sildekongefamilien (Regalecidae) er ein familie av store, langstrekte bandfiskar som lever pelagisk i havet.[1] Leveområde deira strekkjer seg frå tempererte til tropiske soner, men fiskane blir sjeldan sett av menneske. Familien omfattar tre artar i to slekter.[2] Ein av desse, sildekonge (Regalecus glesne), er den lengste beinfisken som finst, og kan bli opptil 8 meter lang.[3]

Fisken blir ofte kalla «dommedagfisken», fordi ein historisk sett gjerne såg han i samband med etterfølgjande naturkatastrofar, som jordskjelv eller tsunamiar.[4]
Dei større artene blir rekna som sportsfisk og blir fiska kommersielt i mindre utstrekning, men sildekonge blir sjeldan fanga levande. Dei er ikkje rekna som god matfisk på grunn av den geleaktige konsistensen på kjøtet.[5]
Remove ads
Skildring
Ryggfinnen tek til over dei relativt store augo og følgker heile lengda på fisken. Av dei rundt 400 ryggfinnstrålaner er dei fyrste 10 til 13 forlenga i ulike gradar, og dannar ein topp som har raudlege flekkar og hudflappar ved stråletippane. Bukfinnane er tilsvarande lang og pryda, men redusert til ein til fem strålar på kvar. Brystfinnane er sterkt reduserte og sit lågt på kroppen. Analfinnen er fullstendig borte, og halefinnen kan òg vera redusert eller forsvunnen, med ein kropp som smalnar til ein spiss.[6]
Som andre medlemmer av ordene sin har sildekongar ein liten men svært utstikkande munn utan synlege tenner. Kroppen har ikkje skjel, og huda er dekka av sølvfarga ganoin. Hjå arten Agrostichthys parkeri er huda dekt med harde tuberklar. Alle artar manglar symjeblære.
Fargen til fiskane er variabel. Flankene er vanlegvis dekka av uregelmessige blålege til svartaktige strekar, svarte prikkar og krussedullar. Merkene forsvinn raskt etter at fisken er død. Det er mogleg at desse merkene er bioluminescente i djuphavet.

Sildekongen (Regalecus glesne) er det største medlemmet av familien med ei dokumentert totallengd på 8 meter (26 ft), med ikkje bekrefta funn på 11 meter (36 ft) ft) og 17 meter (56 ft) ft),[7][8][9] og ei vekt 270 kilogram (600 lb).[10] Agrostichthys parkeri er kjend for å nå ei lengt på 3 meter, medan det største registrerte eksemplaret av Regalecus russelii måle 5,4 m.[11][12]
Remove ads
Levevis

Sildekongar lever hovudsakleg av dyreplankton, og siler selektivt ut kril, reker og andre små krepsdyr frå vatnet. Dei et også små fiskar, maneter og akkar.[13] Større kjøttetarar i det opne havet er alle moglege rovdyr for sildekonge.
Som med åtferd og jakt veit forskarar svært lite om den faktiske paringsåtferda til desse fiskane. Ei ho kan produsera hundretusen til millionar egg. Dei legg egg i vassøyla som flyt fritt i vatnet.[14]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads