Silk Purse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Silk Purse er det andre studioalbumet til Linda Ronstadt, gjeve ut i mars 1970, eitt år etter ho gav ut debutalbumet Hand Sown ... Home Grown.[1] Det vart spelt inn i Cinderella Sound Studio i Nashville – det einaste Ronstadt-albumet spelt inn i countryhovudstaden - og det vart produsert av Elliot Mazer, som tidlegare hadde arbeidd med Richie Havens, Gordon Lightfoot, James Cotton, Rufus Thomas, Chubby Checker og Frank Sinatra.[2] Mazer vart tilrådd til Ronstadt av Janis Joplin, som ho kjende frå lokale nattklubbar.

Meir informasjon Linda Ronstadt-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Historie

Albumet inneheld songar innan tradisjonell country. Ronstadt sa seinare at «Nashville Country er særs forskjellig frå California Country.» Dette albumet, som føregangaren, skilde seg òg frå stilen Ronstadt hadde spelt tidlegare med folkrockgruppa Stone Poneys.

Silk Purse inneheld tolkingar av Hank Williams-songen «Lovesick Blues», Mel Tillis-songen «Mental Revenge» og ein versjon av den tradisjonelle songen «Life Is Like A Mountain Railway». Albumet inneheld òg ein versjon av «Will You Love Me Tomorrow?» av Gerry Goffin og Carole King, som vart spelt inn av The Shirelles i 1961 – og ein harmoniduett med Gary White på Paul Siebel-balladen «Louise».

Det viktigaste bidraget til Gary White var derimot ein ballade som Ronstadt måtte overtyde plateselskapet om å ta med på albumet – «Long, Long Time», som etter kvart viste seg å bli den første singelen hennar på singellista som soloartist. Etter han var spelt inn, og trass i at Ronstadt tydeleg ønskte å ha med songen, prøvde sjefane i Capitol Records å overtyde ho frå å ta med songar som «Long, Long Time», som dei rekna for å vere altfor country. Likevel førte den lidenskapelege framføringa hennar av songen til at han vart ein hit og nådde 21. plassen i magasinet Record World, 25. plassen på Billboard Hot 100-lista og 26. plassen på Cash Box-lista. Songen gav òg Ronstadt den første Grammy-nominasjonen hennar tidleg i 1971.

Etter utgjevinga av Silk Purse sette Ronstadt saman eit turnéband som òg spelte på det neste albumet. Den nye gruppa bestod av Glenn Frey, Bernie Leadon, Randy Meisner og Don Henley. Musikarane spelte så bra i lag på scenen at dei sjølv gjekk saman å skipa bandet Eagles.[3]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Tre månader etter albumet kom ut, melde Alec Dubro plata i Rolling Stone og skreiv: «Noko av materialet er ei rå etterlikning og noko er meir originalt, men ingen av songane er langt bort frå sjela til songaren. Det er røysta til Linda Ronstadt som gjer denne plata. Ho gjev songane ei kjensle som ho har synt sidan det første albumet med Stone Poneys, og ho har utvikla countrystilen sin mykje sidan det førre albumet sitt.»[6] Lester Bangs melde òg albumet i magasinet Penthouse: «Vokalstilen til Linda Ronstadt er som det fysiske nærværet hennar: full av lidenskap og sårbarheit, skjelvande, men likevel besett av ei kjerne av absolutt styrke.»[7]

Musikkritikaren Robert Christgau roste Ronstadt for songvala hennar, men skreiv at «stundom – 'Lovesick Blues' og 'Long Long Time' er begge glimrande - verkar ho å finne sjela til Kitty Wells i tillegg til sin eigen klang.»[5]

Sjølv om albumet kom ut i mars, gjekk ikkje Silk Purse inn på Billboard Top 200-lista før i oktober 1970, og låg då ti veker inne på lista, men nådde berre 103. plassen.[8] Dette skjedde etter at singelen «Long, Long Time» på sommaren hadde nådd 25. plassen på Billboard-lista.[9] Singelen vart nominert til Grammyprisen for beste moderne song av ei kvinne,, men tapte for Dionne Warwick sin «I'll Never Fall In Love Again».[10]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Salslister

Meir informasjon Liste (1970/71), Plassering ...

Medverkande

  • Adam Mitchell - musikalsk leiar
  • Kenny Buttrey - arrangement og dirigent på «Lovesick Blues»
  • Elliot Mazer, Adam Mitchell - arrangement og dirigent på «Are My Thoughts with You?» og «Will You Love Me Tomorrow?»
  • Norbert Putnam, Adam Mitchell - arrangement og dirigent på «Nobody's»
  • Gary White - vokal på «Louise»
  • Norbert Putnam - arrangement og dirigent på «Long Long Time»
  • The Beechwood Rangers - akkompagnement på «Life Is Like a Mountain Railway»
  • Elliot Mazer, Fred Catero, Howard Gale, Lee Hazen, Wayne Moss - lydteknikarar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads