Silvester Belt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Silvestras Beltė (fødd 26. november 1997),[1] kjend under artistnamnet Silvester Belt, er ein litauisk songar og låtskrivar. Han vann den litauiske songtevlinga Eurovizija.LT og representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Luktelk».
Remove ads
Bakgrunn
Beltė blei fødd i Kaunas i Litauen.[1] Som fireåring utvikla han ei interesse for musikk og byrja å gå på musikkskule. Etter endt utdanning fortsette han studia ved Juozas Gruodis konservatorium i Kaunas.[2]
I 2019 blei han uteksaminert frå University of Westminster i London med ein grad i kommersiell musikkutføring.[3][4] Etter endt utdanning byrja han å jobbe i ein venleikssalong. I januar 2021 vendte han tilbake til Litauen der han signerte med eit plateselskap; opphavleg hadde han tenkt å returnere til London, men kunne ikkje på grunn av karanteneføresegner.[4]
Remove ads
Karriere
I 2010 deltok Beltė i den litauiske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2010. Han framførte songen «Pi-pa-po» og kvalifiserte seg til finalen, der han enda på 8. plass av 12 finalistar.[5][6]
I 2017, etter å ha blitt oppmuntra av systera til å søkje, tevla Beltė og vann den litauiske songtevlinga Aš – superhitas (norsk ‘Eg er ein superhit’).[4] Då han vann, flytta han frå heimbyen til Vilnius, der han seinare gav ut debutsingelen sin Noise.[7][8] Kort tid etter å ha vunne showet jobba han bak kulissa til TV-showet 2 Barai, den litauiske versjonen av realitytevlinga Baren.[9] Året etter deltok han i den sjette sesongen av X Faktorius, den litauiske versjonen av The X Factor, der han blei eliminert i den fjerde veka.[10]
19. desember 2023 ble det kunngjort at Beltė skulle delta i Eurovizija.LT, den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Luktelk».[11] Han deltok i den fyrste semifinalen, som han vann, og kvalifiserte seg til finalen.[12][13] Han vann finalen laurdag 17. februar 2024.[14] Som følgje av sigeren fekk han representere Litauen i Eurovision Song Contest 2024.
I Eurovision Song Contest deltok Beltė i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. Der blei han nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[15][16][17] I finalen enda han på 14. plass med 90 poeng.[18][19]
Remove ads
Artisteri
Beltė skildrar musikken sin som hovudsakleg pop, med nokre elektroniske, rave- og teknopåverknadar.[3] Han nemner Troye Sivan som si store inspirasjonskjelde.[20][21]
Privatliv
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads