Sit Yourself Down
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sit Yourself Down» er ein song skriven av Stephen Stills som kom ut på det første soloalbumet hans, Stephen Stills, i 1970. Songen kom òg ut som den andre singelen frå albumet og var ein oppfølgjar til hitten «Love the One You're With». Singelen nådde 37. plassen på den amerikanske singellista.[1]
Remove ads
Musikk og tekst
«Sit Yourself Down» har ein gospel-basert melodi.[2] Han var inspirert av det nye forholdet hans til Rita Coolidge, som òg song korvokal på songen.[3] Fire andre korvokalistar er òg med på mellomspelet og refrenget. Desse var Graham Nash, David Crosby, John Sebastian og Cass Elliott.[2][4]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads