Sitting in the Midday Sun
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sitting in the Midday Sun» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen vart spelt inn i juni 1973 og gjeven ut på singel i USA og Storbritannia same året. Han fekk generelt god omtale, men selde ikkje godt nok til å gå inn på salslistene. «Sitting in the Midday Sun» vart gjeven ut på Preservation Act 1, i november 1973.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
Doug Hinman estimerer at «Sitting in the Midday Sun» var den første songen som vart spelt inn i The Kinks nye Konk Studios.[1] Songen vart spelt inn kring 8. juni, og vart klargjort for det komande albumet til gruppa.[1]
Utgjeving
Songen vart gjeven ut med B-sida «One of the Survivors» for i Storbritannia, der han kom ut i juni. I USA kom singelen ut med B-sida «Sweet Lady Genevieve». Kritikarane var stort sett samde om at det var ein fin sommarlåt, men songen selde likevel ikkje godt nok til å nå salslistene nokon stad.[1]
Medverkande
- Ray Davies – Solovokal, akustisk gitar
- Dave Davies – Korvokal, sologitar, akustisk gitar
- John Dalton – bassgitar
- Mick Avory – trommer, perkusjon
- John Gosling – klaverinstrument
- Alan Holmes – altfløyte
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads