Skjerpiplerke

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Skjerpiplerke
Remove ads

Skjerpiplerke (Anthus petrosus) er ein fugl i erlefamilien som er 15,5–17 centimeter lang.

Kjappe fakta

Ho er lett å forveksle med myrpiplerka og vasspiplerka som saman med skjerpiplerka inntil nyleg vart rekna som variantar av same arten.

Skjerpiplerka er ein kystfugl som hekkar i Europa nær hav frå Bretagne og Dei britiske øyane i sør, nordover kysten og rundt Fennoskandia.[2] Ho er standfugl lengst sør, men migrerer sørover frå Fennoskandia i september-oktober og kjem attende i mars-april.

Som dei fleste andre piplerker er ikkje skjerpiplerka mykje synleg på bakken, ho er mest mørkebrun på oversida og er kraftig spraglete mattgull på undersida. Ho har mørke bein, grå ytre stjertfjør og ganske langt mørkt nebb. Den mørke fjørdrakta er ei tilpassing til berg og fjære kor ho hekkar og overvintrar.

Lengst nord får skjerpiplerka ofte rosafarga undersida og bleikare hovud i sommardrakt enn lengre sør, noko som gjev desse fuglane større likskap til vasspiplerka. Skjerpiplerka er langt meir tilgjengeleg enn vasspiplerka.

Thumb
Skjerpiplerke på St Mary's Island i Northumberland.

Ho livbergar seg på insekt. Songen liknar heipiplerka si song, ei lang rekke av korte kvasse, tonar som skiftar motiv, vert utført først i stigande så i fallande flukt på stive vengjer.

Reiret er enkelt og ligg på marka, gøymt blant steinar og grastuver. Hoa legg oftast fem egg, rugetida er ca 14 døger. Etter klekking matar begge foreldre ungane i to veker til.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads