Slaget ved Culloden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Culloden
Remove ads

Slaget ved Culloden (engelsk Battle of Culloden; skotsk-gælisk Blàr Chùil Lodair) var den siste konfrontasjonen under Jakobittopprøret i 1745.

Kjappe fakta Dato, Stad ...

16. april 1746 kjempa dei jakobittiske styrkane under Charles Edward Stuart mot dei lojalistiske troppane under kommando av William Augustus, hertug av Cumberland nær Inverness i det skotske høglandet. Den hannoverianske sigeren ved Culloden stansa dei jakobittiskes forsøka på å styrta huset Hannover for å gjeninnsetja huset Stuart på den britiske trona. Charles Stuart gjorde aldri fleire forsøk på utfordra den hannoverianske kontrollen over Kongedømet Storbritannia. Konflikten var det siste feltslaget som blei utkjempa på britisk jord.[3]

Den jakobittiske hæren til Charles Stuart bestod i all hovudsak av skotske høglendarar, nokre låglandsskottar og ei lita utbrytargruppe av engelske soldatar frå Manchester Regiment. Jakobittene var støtta og forsynte av Kongedømet Frankrike, frå irske og skotske einingar i fransk teneste. Ein samansett infanteribataljon («Irish Picquets»), sett saman av avdelingar frå kvart av regimenta i den irske brigaden, og dessutan ein eskadron av irsk kavaleri i den franske hæren, deltok i slaget ved sida av eit regiment av Royal Scots (Royal Ecossais), som var bygd opp året før for å støtta kravet til Stuart.[4] Dei britiske regjeringsstyrkane (hannoverianske lojalistar) bestod hovudsakleg av engelskmenn, saman med eit stort tal av låglands- og høglandsskottar, ein bataljon frå Ulster og nokre hessianarar frå Tyskland og austerrikarar.[5][6] Slaget på Culloden Moor var kortvarig, men blodig, det fann stad i løpet av ein time. Etter eit mislykka angrep av høglendarane mot linjene til regjeringstyrkane, blei jakobittene nedkjempa og drivne vekk frå slagfeltet.

Mellom 1500 og 2000 jakobittar blei drepne eller skadde i det korte slaget, medan tapet til regjeringsstyrkane var berre 50 døde og 259 skadde. Slaget og etterspelet av det vekkjer sterke kjensler sjølv i dag: University of Glasgow gjorde Cumberland til æresdoktor. Mange moderne kommentatorar hevdar at dei følgjande aksjonane mot jakobittene var brutale, og dette førte til at Cumberland fekk tilnamnet «slaktaren».

Seinare blei det gjort ein innsats for å integrera dei relativt uregjerlege høglendarane inn i det britiske kongedømet. Det blei innført sivile straffer for å svekkja gælisk kultur og angripa det skotske klansystemet.

Remove ads

Kjelder

Bibliografi

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads