Slaget ved Marsaglia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Slaget ved Marsaglia var eit slag i niårskrigen, utkjempa i Italia den 4. oktober 1693, mellom den franske armeen til marskalk Nicolas Catinat og den allierte armeen til hertug Victor Amadeus II av Savoie.

Kjappe fakta Dato, Stad ...

Catinat rykte fram frå Fenestrelle og Susa for å støtte Pinerolo, som var forsvart av greven av Tessé, og som hertugen av Savoie hadde kringsett. Catinat sette opp ei stilling i formel slagorden nord for landsbyen Marsaglia, nær Orbassano.

Her, den 4. oktober, gjekk hertugen av Savoie til åtak mot han med heile armeen sin, front mot front. Men den langt større effektiviteten franskmennene og den dyktige leiinga til Catinat, gav den nye marskalken ein siger som kunne måle seg med Neerwinden.

Piemontesarane og deira allierte tapte kring 10 000 mann som anten vart drepne, skadde eller tekne til fange, medan Catinat berre mista 1800.

Marsaglia er ein av dei første gongane, om ikkje den første, ein nytta eit bajonettåtak av ei lang infanterilinje. Hussarar var her med i slaget for første gong i Vest-Europa. Eit regiment av desse hadde vorte sett saman i 1692 frå soldatar som hadde desertert frå austerriksk teneste.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads