Slaget ved Lagos i 1693

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Lagos i 1693
Remove ads

Slaget ved Lagos var eit sjøslag i niårskrigen den 27. juni 1693 då ein fransk flåte under Tourville slo ein engelsk-nederlandsk flåte under George Rooke. Skvadronen til Rooke verna Smyrna-konvoien, og slaget er stundom kjend under dette namnet.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Remove ads

Opptakt

Våren 1693 vart det organisert ein stor konvoi for å transportere engelske og nederlandske handelsskip på veg mot Spania og Middelhavet. Dei hadde vore haldne attende på grunn av trugselen om eit åtak frå den franske flåten eller sjørøvarar.

Konvoien bestod av opp mot 200 seglskip, og vart eskortert av ein sterk skvadron på åtte engelske og fem nederlandske linjeskip med brannskip, speidarar og andre hjelpeskip, kommandert av admiral George Rooke. Denne skvadronen var på veg til Middelhavet for å stasjonerast der. Konvoien skulle dekkast av ein samla alliert flåte gjennom Den engelske kanalen, fram til han hadde passert den franske hamnebyen Brest, der ein fransk flåte var stasjonært. Flåten, som òg hadde i oppgåve å verne England frå ein invasjonstrugsel, skulle vike tilbake for å dekke Kanalen. Franskmennene, som hadde bygd opp att flåten etter tapa året før, hadde derimot gått bort frå invasjonsplanane og heller raide handelsfartøya til dei allierte.[2]

For å utføre dette hadde Ludvig XIV sendt ut ein fransk flåte under Tourville, den dyktigaste kommandanten hans, for å setje opp eit bakhald for konvoien før han passerte Gibraltarsundet. Mot slutten av mai hadde Tourville samla ein flåte på 70 linjeskip, samt brannskip, store skip og andre hjelpeskip, om lag 100 seglskip i alt, og stasjonerte seg nær Lagosbukta i Portugal.

Konvoien segla ut mot slutten av mai med den allierte flåten på 24 nederlandske krigsskip under Almonde og 45 engelske under viseadmiral Killigrew, Delaval og Shovell. 7. juni var konvoien om lag 150 sjømil sørvest for Ushant, og den allierte hovudflåten snudde attende, og Rooke og konvoien heldt fram sørover. Dei allierte hadde ikkje undersøkt kvar den franske flåten var og fekk ingen meldingar om kvar han var før 17. juni. På denne tida var Rook og konvoien utanfor Lagos, og fekk franskmennene i sikte på morgonen.

Remove ads

Slaget

Rooke kunne ikkje unngå slag, men hadde fordelen av lovart. Han gav ordre til handelsskipa om å spreie seg utover og skvadronen hans gjorde seg klar for slag. Slaget starta kring kl. 2000, då bakenden av skvadronen hans vart nådd igjen av den franske fronten (Gabaret). To nederlandske skip, «Zeeland» (64, Philip Schrijver) og «Wapen van Medemblik» (64, Jan van der Poel), gjekk til åtak på franskmennene og ofra slik seg sjølv. Dei kjempa tappert, og gav resten av dei allierte skipa tid nok til å kome seg unna. Då dei to nederlandske skipa til slutt overgav seg, var Tourville særs imponert og gratulerte dei to kapteinane. Han spurte dei om dei var «menn eller djevlar». Rooke sa at det var ei av dei beste avgjerslene han hadde sett i kamp nokon gong.[3]]

Dagen etter var Rooke med 54 handelsskip mot vest. Berre fire franske krigsskip følgde etter. Då dei nærma seg vendte flaggskipet til Rooke, «Royal Oak» (100 kanonar), seg mot han. Etter ei kort skotveksling gav franskmennene opp jakta og dreiv bort. Rooke og gruppa hans klarte å nå Madeira utan fleire møte, der han fann «Monk» (60) med eit av dei nederlandske krigsskipa og 40 eller 50 handelsskip. Med dette partiet og etternølarar som dei tok opp langs ruta, nådde Rook Irland den 30. juli.

Remove ads

Etterverknad

Over halvparten av konvoien vart redda, men om lag 90 skip gjekk tapt, dei fleste av dei nederlandske og 40 av dei vart erobra av franskmennene. Dei to hovudmåla til konvoien, som var å levere varer til måla sine i Middelhavet og opprette ein flåte der, vart mislukka. For franskmennene vart dette særs vellukka med eit krigsutbytte til verdi av 30 million livres. City of London meinte at dette var den verste finanskrisa sidan den store brannen, 27 år tidlegare.[4]

For Tourville var den ein verdig hemn etter nederlaget hans i slaget ved La Hogue eit år tidlegare.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads