Slaget ved Niså

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Niså
Remove ads

Slaget ved Niså var eit sjøslag som stod i 1062 ved munninga av elva Nissan i Halland, på sørvestkysten av Sverige, mellom ein dansk hærflåte under leiing av kong Svein Estridsson[Note 1] og ein norsk flåte under leiing av kong Harald Hardråde.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Remove ads

Bakgrunnen for slaget

Ikkje lenge etter at Magnus den gode var blitt dansk konge i 1042, hadde Svein Estridsson gjort opprør for å freiste å vinne herredømet over Danmark. Han hadde lite hell med krigføringa og i nær tjue år låg han i krig med den norske kongen, først Magnus den gode og seinare mot Harald Hardråde. Då kong Magnus døydde i 1047, vart likevel Svein Estridsson teken til dansk konge. Kong Harald aksepterte ikkje dette og gjorde krav på Danmark som arv etter kong Magnus. I 17 år heldt krigane fram; kong Harald fekk jamnast siger men kong Svein kom seg alltid undan, og ei endeleg avgjerd kom ikkje før i 1064.

Vinteren og våren 1062 kalla kong Harald Hardråde ut leidangen for å gjere ei ny hærferd til Danmark. Med ein stor styrke segla han sør til landegrensa (Göta älv), og han heldt våpenting ved Tumla (norrønt Þumla)[1], der det var gjort avtale med kong Svein om at dei skulle møtast for å halde slag.

Men den danske flåten kom ikkje, og kong Harald «let bondehæren fara heim att». Med resten av styrken segla han sør langs med landet til Halland, der han herja vidt og breitt. Både i sogene og i skaldekvada blir det opplyst at han hadde ein flåte på 150 skip,[Note 2] mellom dei var eit busseskip på 35 rom[Note 3] som han hadde late bygge i Nidaros om vinteren. Då kom kong Svein mot dei med ein stor flåte; i kvadet «Nisåviser» seier skalden at dei hadde tre hundre skip.[Note 4] Mange i den norske flåten ville røme, då dei tykte at overmakta var for stor, men kong Harald baud dei ordne hæren for å legge til slag. Skalden Stein Herdisson sa dette i kvadet «Nisåviser»[2]:

Heldr kvað hvern várn skyldu
hilmir frægr an vægja
(menn brutu upp) of annan
(ǫll vôpn) þveran falla.
Den fræge konge kvad,
heller enn å gi oss
skal vi alle falle,
den eine ovanpå den andre.

Om lag samstundes som slaget tok til, kom hovdingane Håkon Ivarsson og Finn Arnesson seglande (kanskje var dei på heimtur etter å ha vore på ei sjøferd i saman). Begge var tidlegare blitt usamde med kong Harald[Note 5], og hadde teke tilflukt hjå kong Svein i Danmark. Finn Arnesson var på denne tida danskekongen sin jarl i Halland, og han slutta seg straks til den danske flåten. Håkon Ivarsson[Note 6] vegra seg for å kjempe mot sine eigne landsmenn, og med sine ti skip slutta han seg til den norske flåten.

Remove ads

Slaget

Thumb
Landskapet Halland var tidlegare eit dansk len. Elva Niså (i dag Nissan) renn ut i havet ved Halmstad.
Thumb
Håkon Ivarsson talar med Vandråd (kong Svein). Teikning av Wilhelm Wetlesen (1899)

Sjølve slaget stod ved utløpet av elva Niså (i dag Nissan ved Halmstad) og det er blitt detaljert skildra i mange av dei norrøne sogene, og i mange skaldevers. I Fagerskinna[3] blir det sagt at slaget tok til Lavransmessedagen[Note 7], seint om kvelden, og det vart ein hard strid som varte heile natta. Kong Harald stod i framrommet på skipet sitt og skaut, slik det er skildra av skalden Tjodolv Arnorsson i diktet «Sexstefja»:

Alm dró upplenzkr hilmir
alla nôtt inn snjalli;
hremsur lét á hvítar
hlífr landreki drífa.
Den opplandske kongen (Harald)
Skaut heile natta med bogen;
modige fyrsten let pilene drive
mot dei kvite skjolda

Etter det sogene fortel, var skipa i begge hærstyrkane bundne saman, men det er òg sagt at skipa til Håkon Ivarsson «leika lause»; dei rodde omkring og hjelpte til, der det trongst mest. Det vart eit hardt slag og mannefallet var stort, sjølv om ingen av sogene nemner konkret kor mange som miste livet.[Note 8] Ut på morgonen vart det klart at nordmennene hadde fått siger og storparten av dei danske hærmennene hadde rømt frå slagstaden. Saxo Grammaticus[4] skildra det slik (dansk omsetjing) «..forlod saa deres Skibe og flygtede gjennem uvejsomme Egne til Spot og Skjændsel, saa længe Danmark bestaar, …» I diktet «Sexstefja» sa skalden Tjodolv Arnorsson det slik:

Sogns kvôðu gram gegnan
glæst sjau tøgu it fæsta
senn á svipstund einni
Sveins þjóðar skip hrjóða.
Det er fortalt
at Sogns djerve konge rydda
minst 70 av Svein sine skip
i ei snarvending.

Kong Svein Estridsson kom seg unna, slik som han alltid hadde greidd det før i krigane mot nordmennene. Mellom andre i «Soga om Harald Hardråde», finn ein Snorre si forteljing (episoden med Vandråd[5] - kapittel 64) om korleis kong Svein fekk hjelp av Håkon Ivarsson til å røme frå slaget. Det er grunn til å tru at skildringa bygger på ei sann hending.

Remove ads

Etter slaget

Snorre skreiv i Soga om Harald Hardråde[5] (kapittel 66,68), at kong Harald gav heimlov til mannskapet sitt etter slaget, sjølv sat han den vinteren i Oslo.

Finn Arnesson var blitt teken til fange i slaget.[Note 9] Det var stort slektskap mellom Finn Arnesson og kong Harald Hardråde[Note 10], og kongen sette han fri. Truleg reiste Finn attende til lenet sitt i Halland; han var ein gamal mann på denne tida og døydde truleg berre eit par år seinare.

Håkon Ivarsson fekk først mykje skryt for innsatsen sin i slaget, men då det kom for dagen at det var han som hadde berga livet til kong Svein, sende kong Harald folk for å finne og drepe han. Håkon Ivarsson kom seg unna og reiste deretter ut av landet. Han fór først til kong Stenkil i Sverige og seinare reiste han til kong Svein i Danmark. Slik det er nemnt i Morkinskinna[6] (side 225), vart han dansk jarl i Halland, etter at Finn Arnesson var død.

Etter slaget ved Niså gav kong Harald Hardråde opp freistnadane på å erobre Danmark. Truleg i 1064 vart det gjort ein fredsavtale mellom han og kong Svein Estridsson, og begge skulle styre kvar sitt rike, slik det hadde vore før. Kong Harald hadde dermed ryggen fri for å gjere krav på det han meinte var den andre arveluten etter kong Magnus den gode: det engelske riket.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads