Sleeps with Angels
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sleeps With Angels er det 23. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Crazy Horse og gjeve ut 16. august 1994 på Reprise. Det var produsert i lag med David Briggs.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
Albumet var eit forsøk på å fange dei atmosfæriske eksperimenta Young og Crazy Horse gjorde i After the Gold Rush-tida. Sjølv om det meste av albumet vart spelt inn før Kurt Cobain tok livet av seg, laga Young tittelsporet etter dette skjedde. Cobain siterte Young i avskjedsbrevet sitt. Som følgje av dette vart Sleeps With Angels meir liknande Tonight's the Night, og albumet er i røynda ei (meir dempa) utgåve av dette albumet frå 1990-åra. Stemninga på albumet er mørk og grublande, bortsett frå den punkaktige «Piece of Crap». To songar («Western Hero» og «Train Of Love») har same musikk med forskjellig tekst.
Sleeps with Angels er det einaste Neil Young-albumet der han spelar fløyte.[4]
Albumet nådde 9. plass på den amerikanske albumlista og 4. plass i Noreg.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
Neil Young & Crazy Horse
- Neil Young - gitar, spikerpiano, trekkspel, fløyte, munnspel, vokal
- Frank «Poncho» Sampedro - gitar, flygel, elektrisk piano, klaverinstrument, bass-marimba, vokal
- Billy Talbot - bass, vibrafon, bass-marimba, vokal
- Ralph Molina - trommer, vokal
Teknisk
- David Briggs - producer, miksing
- Neil Young - producer, miksing
- John Hanlon - lydteknikar, miksing
- Chad Blinman - assisterande lydteknikar
- Roland Alvarez - assisterande lydteknikar
- Joe Gastwirt - digital redigering, mastering
- Tim Mulligan - yttelegare digital redigering
- Tim Foster - produksjonsleiar
- Bettina Briggs - produksjonskoordinator
- Sal Trentino - forsterkarteknikar
- Jim Homan - gitarteknikar
- Jerry Conforti - trommeteknikar
- Mark Humphreys - live-monitoriar
Salslister
Album
Album - Billboard
Singlar
Singlar - Billboard
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads