Sleepwalk av Ultravox
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sleepwalk» er ein song av Ultravox og den første singelen frå det fjerde albumet deira, Vienna, og den første med Midge Ure som frontmann. Det vart den første topp 30-hitten til Ultravox i Storbritannia, då songen nådde 29. plassen i august 1980.[1]
«Sleepwalk» var den første songen bandet spelte inn med Midge Ure tidleg i 1980. I staden for å spele inn ein demoversjon av fleire songar for Chrysalis Records, valde bandet å spele inn ein «ferdig» versjon av «Sleepwalk» med produsenten Conny Plank, og dette sikra bandet plateavtale med Chrysalis Records. Originalversjonen vart seinare miksa på nytt og teken med på albumet Vienna. Det er ingen skilnad på album- og singelversjonen av songen. Teksten til songen vart skriven av Warren Cann. Songen kom ut på singel i juni 1980.[2]
I tillegg til ein vanleg svart vinyl, vart 7"-utgåva gjeven ut på klår vinyl i avgrensa utgåve. B-sida til singelen, «Waiting», var ein rolegare, bassbasert song.
12"-versjonen av singelen inneheld ikkje ein lengre versjon av songen eller ein tredje song, men berre «Sleepwalk» ein gong på kvar side.
Remove ads
Innhald
- «Sleepwalk» – 3:10
- «Waiting» – 3:51
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads