Slip Kid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Slip Kid» er ein song av The Who frå albumet deira The Who by Numbers i 1975. Han vart gjeven ut som singel i USA i 1976. «Slip Kid» var skriven av Pete Townshend for rockeoperaen hans Lifehouse. Ein demo av songen vart gjeven ut på The Lifehouse Chronicles. «Slip Kid» vart òg gjeven ut på samlealbuma The Story of The Who (1976), Hooligans (1981) og 30 Years of Maximum R&B (1994).
Songen vart spelt nokre gongar på konsertar i Europa og Amerika i 1976 før han ikkje vart spelt igjen før 2008.
Slip Kid er òg namnet på eit hyllestband til The Who, danna av Gary Cherone frå Extreme og Van Halen.
Remove ads
Medverkande
- Roger Daltrey — solovokal
- Pete Townshend — elektrisk gitar, korvokal
- John Entwistle — bassgitar, korvokal
- Keith Moon — trommer
- Nicky Hopkins — piano
- Ikkje oppført — perkusjon
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Slip Kid» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads