Small Isles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Small Isles (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Tarsainn)[1] er ei lita øygruppe i Indre Hebridane utanfor vestkysten av Skottland. Dei ligg sør for Skye og nord for Mull og Ardnamurchan – det vestlegaste punktet på det skotske fastlandet.



Dei fire største øyane er Canna, Rùm, Eigg og Muck. Den største er Rùm med eit areal på 105 km².
Øyane er i dag ein del av Lochaber i regionen Highland. Fram til 1891 var Canna, Rùm og Muck ein del av grevskapetArgyll, Eigg høyrte til Inverness-shire og heile Small Isles låg i Inverness-shire frå 1891 til 1975. Det gæliske namnet tyder bokstavaleg «krossøyane» og syner til plasseringa deira mellom Morar og The Uists.[1]
Mindre øyar i øygruppa rundt dei fire større er:
- Sanday ved Canna;[2]
- Eilean Chathastail, nær Eigg og
- Eilean nan Each (Horse Island), nær nordsida av Muck
Det ligg òg fleire holmar og skjer
- Hyskeir
- Garbh Sgeir,
- Eagamol, nær Eilean nan Each
- Humla og
- to stader som heiter Dubh Sgeir
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads