Smalsoldogg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Smalsoldogg
Remove ads

Smalsoldogg (Drosera longifolia) er ein 5-20 cm høg myrplante med smale, opprette blad i rosett. Blada har raude kjertelhår som skil ut ei væske som løyser opp insekt som set seg fast i blada. Frå midten av bladrosetten går det opp eit blomsterstandskaft med 3 til 6 blomstrar. Dei små, kvite blomstrane er opne berre ein i gongen, og ikkje meir enn eit par timar på solrike dagar.

Kjappe fakta
Remove ads

Utsjånad

Blomstrane har fem begerblad, fem kronblad, fem pollenblad og tre fruktblad. Kapselen inneheld svært små og lette frø som kan bli ført langt av stad med vinden eller flyte på vatn.

Økologi

Når sprellande insekt set seg fast i kjertelhåra, vert produksjonen av slim stimulert. Samtisig bøyer fleire kjertelhår seg mot insektet, og bladet krøller seg saman. Etter eit døgn vil bladet ha krølla seg saman rundt byttet, og etter enda eit døgn, vil det meste av insektet vere oppløyst, slik at berre hudskjelletet er tilbake. Dei fordøyelege delane av insektet vert tatt opp av planten som næringstilskott.

Smalsoldogg veks både på kalkhaldige og sure, næringsfattige myrer, i Noreg nord til Troms. Han veks frå havnivå og opp til over skoggrensa, men ikkje i høgfjellet. Elles har han sirkumboreal utbreiing. Smalsoldogg er rekna som ein livskraftig art i Noreg.[1]

Smalsoldogg kan krysse seg med rundsoldogg. Avkommet, Drosera obovata (Mert. & W.D.J. Koch), vert sterilt.

Remove ads

Bruk

Soldogg er brukt i folkemedisinen mot mane ulike plagar, frå augnesjukdommar til liktornar.

Namnet

Det latinske slektsnamnet Drosera , gresk droseros kjem frå gresk drosos, dogg, og vart brukt som namn på soldogg av Matthias Lobelius i 1581. Longifolia tyder ’med lange blad’.

Eit synonymt namn er Drosera anglica Huds., anglica tyder ’frå England’.

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads