Snølykt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Snølykt er ein konstruksjon av snø ein kan setja eit levande lys i.[1] Slike lykter er ofte pyramideforma bygningar av snøballar,[2] men kan også ha andre former og konstruksjonsmåtar. Med kram snø kan ein lett forma lykta som ein iglo. Med snø som er vanskelegare å forma kan ein laga lykt utan tak.[3]

Snølykt-festival
Hirosaki i Japan har ein årleg vinterfestival ved Hirosaki-borga. Han er ein av fire vinterfestivalar i Tohoku-regionen, halden sidan 1977.[4]
I 1999 hadde festivalen 310 000 besøkande og omfatta 165 snølykter og 300 små snøholer.[5]
Sjå òg
- Islykt
- Lykt
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads