Sofija Gubajdulina

russisk komponist (1931–2025) From Wikipedia, the free encyclopedia

Sofija Gubajdulina
Remove ads

Sofija Asgatovna Gubajdulina (24. oktober 193113. mars 2025) var ein russisk tatarisk komponist busett i Tyskland.

Remove ads

Liv

Gubajdulina var fødd i 1931 i Tsjistopol i Den tatariske autonome sovjetrepublikken. Ho studerte komposisjon og klaver ved konservatoriet i Kazan og heldt fram etter samansluttinga i 1954 studia ved Moskvas konservatorium fram til 1963. Under desse studia blei musikken hennar kritisert som «pliktforsømming», men Dmitrij Sjostakovitsj oppmuntra henne til å halda fram med slike «avvik».[1]

På midten av 1970-åra grunnla ho saman med komponisten Viktor Suslin og Vjatjeslav Artjomov ensemblet Astreja, som improviserte på instrument brukt i russisk folkemusikk.

Gidon Kremer hjelpte Gubajdulina til suksess i Vesten ved å uroppføra fiolinkonserten hennar Offertorium i 1981. Saman med Alfred Schnittke og Edison Denisov høyrde ho til dei førande russiske komponistane i tida etter Sjostakovitsj. Ho var medlem av Berlin kunstakademi, det frie kunstakademiet i Hamburg og Kungliga Musikaliska Akademien i Stockholm.

Frå 1992 budde Sofija Gubajdulina i Appen i Kreis Pinneberg utanfor Hamburg.

Remove ads

Musikk

Verka til Gubajdulina var inspirerte av alle former for rituell musikk, men først og fremst kristen og orientalsk mystikk. Komposisjonane er ofte i spenningsfeltet mellom «notert» improvisasjon og seriell musikk. Tre av kjenneteikna til musikken er massive tonekluster, kraftige aksentar, og dessutan raske og akselererande vekslinger i halvtone-intervall.

Ofte brukte ho uvanlege instrumentsamansetjingar. I In Erwartung kombinerte ho perkusjonsinstrument (blant anna bongotrommer, guiro, temple blocks, cymbalar, tam-tam-trommer og bajan) og saksofonkvartett. Ho skreiv stykke for for vestlege orkester, japanske kotoar med 17 strengar og kotoar med 13 strengar og for zhengar.

Remove ads

Verk i utval

  • Strykekvartett nr. 1 (1971)
  • Detto II for cello og tretten instrument (1972)
  • Konsert for fagott og djupe strykarar (1975)
  • Duosonate for to fagottar (1977)
  • Dei Profundis for bajan solo (1978)
  • Introitus for klaver og orkester (1978)
  • In croce for bajan og cello (1979)
  • Garten von Freuden und Traurigkeiten for fløyte, bratsj og harpe (1980)
  • Offertorium fiolinkonsert (uroppført 1981)
  • Freuet euch! sonate for fiolin og cello (1981)
  • Silenzio fem stykke for bajan, fiolin og cello (1981)
  • Sieben Worte Jesu am Kreuz for cello, bajan og strykarar (1982)
  • Quasi hoquetus for bratsj, fagott og klaver (1984/85)
  • Et Exspecto. Sonate for bajan solo (1985)
  • Sinfonie Stimmen ... verstummen ... (1986)
  • Hommage à T.S. Eliot for oktett og sopran (1987)
  • Strykekvartett nr. 2 (1987)
  • Strykekvartett nr. 3 (1987)
  • Stryketrio (1988)
  • Symfonien Alleluja (1990)
  • Silenzio. Fem stykke for bajan, fiolin og cello (1991)
  • Jetzt immer Schnee. Fem stykke for talar, kammerensemble og kammerkor etter tekster av Gennadi Aigi (1993)
  • Strykekvartett nr. 4 (1993)
  • Musikk for fløyte, strykarar og slagverk (1994)
  • Konsert for bratsj og orkester (1997)
  • Der Sonnengesang for cello, kor, slagverk og celesta (1997) (uroppføring med Mstislav Rostropovitsj 1998)
  • Johannespasjon (2000 på russisk)
  • Im Zeichen des Skorpions. Variasjonar over seks heksakordar for bajan og orkester (2003)
  • In tempus praesens 2. fiolinkonsert (Uroppført 2007)
  • Am Randa des Abgrunds for sju celloar og to waterphones

Prisar og utmerkingar

  • 1998: Praemium Imperiale
  • 1999: Pour le mérite für Wissenschaft und Künste; Léonie Sonnings musikkpris
  • 2001: Goethemedaljen
  • 2002: Polarprisen
  • 2002: Forbundsrepublikken Tysklands fortenstorden
  • 2007: Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg
  • 2009: Großes Verdienstkreuz mit Stern des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads