Softs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Softs er det niande studioalbumet til det engelske jazzrockbandet Soft Machine, gjeve ut i 1976.
Remove ads
Oversyn
John Etheridge erstatta Allan Holdsworth på gitar kort tid etter at det førre albumet, Bundles, kom ut og Alan Wakeman, syskenbarnet til klaverspelaren Rick Wakeman, tok over på saksofon for Karl Jenkins. Karl spelte frå no av berre klaverinstrument. Denne endringa var naudsynt fordi det siste originale bandmedlemmet, Mike Ratledge, forlet bandet i mars 1976, før innspelinga starta. Han er likevel med på to songar, men er ikkje rekna som eit bandmedlem. Wakeman og bassisten Roy Babbington forlet gruppa kort tid etter at albumet kom ut og Wakeman var derfor ikkje medlem lenger enn seks månader.[3]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Karl Jenkins, bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Roy Babbington – bassgitar
- John Etheridge – akustisk og elektrisk gitar
- John Marshall – trommer, perkusjon
- Alan Wakeman – sopran- og tenorsaksofon
- Karl Jenkins – piano, elektrisk piano, pianette, strykarar og Mini-Moog synthesizer, instrumentering
- Andre medverkande
- Mike Ratledge – synthesizer på (3, 4)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads