John Etheridge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
John Michael Glyn Etheridge (fødd 12. januar 1948 i Lambeth i London) er ein britisk jazz/fusiongitarist tilknytt Canterbury scene.
Tidleg i karrieren spelte han ei kort stundi Deep Purple-sidegreina Warhorse. I 1972 vart han med i bandet til tidlegare Curved Air-fiolinist Darryl Way, Wolf, som spelte inn tre album. I 1975 vart han med i Soft Machine. Han spelte inn to album med bandet, Softs (1976) og Alive & Well: Recorded in Paris (1978). Sidan spelte han med den franske fiolinisten Stéphane Grappelli og bandet 2nd Vision med Ric Sanders.
I 1980-åra spelte han med sin eigen trio og slo seg sidan saman med tidlegare Isotope-gitarist Gary Boyle. Mellom 1989 og 1993 var han medlem i bandet til tidlegare Pentangle-bassist Danny Thompson, Whatever. Han turnerte òg ein del med saksofonisten Dick Heckstall-Smith. I 1990-åra spelte han mellom andre med Nigel Kennedy og Andy Summers og gav i 1994 ut det første soloalbumet sitt, Ash. Han har sidan gjeve ut fleire soloalbum.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «John Etheridge» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads