Sola i kulturen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sola i kulturen
Remove ads

Sola, som kjelda til energi og lys for livet på jorda, har vore eit sentralt objekt i kultur og religion sidan førhistorisk tid. Rituell soltilbeding har ført til solguddomar i teistiske tradisjonar over heile verda, og solsymbolismen er å finna alle stader. Bortsett frå den umiddelbare tilknytinga til lys og varme, er sola òg viktig innan tidsmåling som den viktigaste indikatoren for dagar og år.[1]

Thumb
Bilde av sola med strålar og ansikt, ein vestleg ikonografisk tradisjon som blei gjeldende i tidleg nytid (taket på Golden Cross Tavern, Linlithgow, ca. 1700)
Remove ads

Tidleg historie

Thumb
Solvogna frå Trundholm (nordisk bronsealder, ca. 1350 f.Kr., Nasjonalmuseet i Danmark).
Thumb
Måleriet Impression, soleil levant av Claude Monet frå 1872, som inspirerte namnet til kunstrørsla impresjonisme.

I tidlege forståingar av sola var ho ei skive på himmelen, som skaper dagen når ho er over horisonten og natt når ho ikkje er det. I bronsealderen blei denne førestillinga noko endra ved at ein meinte sola blei transportert over himmelen i ein båt eller ei vogn, og transportert tilbake til staden soloppgang i natta etter å ha gått gjennom underverda.

Det blei reist mange eldgamle monument med tanke på gangen til solåret; til dømes finst det megalittar som nøyaktig markerer sommar- eller vintersolkverv (til dømes ved Nabta Playa i Egypt, Mnajdra på Malta og Stonehenge i England). Newgrange, eit forhistorisk menneskeskapt fjell på Irland blei utforma for å observerva vintersolkverv, og pyramiden El Castillo ved Chichén Itzá i Mexico er utforma for å kasta skugge i form av slangar som kliv opp på pyramiden ved vår- og haustjamdøgn.

Remove ads

Religiøse aspekt

Thumb
Gyllen solgud-ornamentet frå shu-folket i det gamle Kina. Sentrum er eit solmønster med tolv takkar som fire fuglar flyr rundt mot klokka. Det gamle kongeriket Shu eksistert samtidig som Shang-dynastiet.

Solgudar spelar ei stor rolle i mange verdsreligion og mytologiar.[2] Soltilbeding var sentral for sivilisasjonar som dei gamle egyptarane, inkaene i Sør-Amerika og aztekarane i det som no er Mexico. I religionar som hinduismen er sola framleis identifisert med ein gud, kjend som Surya.

Dei gamle sumerarane meinte at sola var Utu,[3][4] guden for rettferd og tvillingbroren til Inanna, himmeldronninga,[3] som var identifisert som planeten Venus.[4] Seinare blei Utu identifisert med den austsemittiske guden Shamash.[3][4] Utu blei sett på som ein hjelpargud som kunne hjelpa dei som var i naud.[3]

Frå minst det fjerde dynastiet i Egypt blei sola tilbeden som guden Ra, skildra som ein guddom med falkehovud med solskiva over, omkransa av ein orm. I Det nye riket i Egypt blei sola identifisert med gjødselbilla. I forma som solskiva Aton fekk sola ei kortvarig viktig rolle att under Amarna-perioden, då ho igjen blei den fremste, om ikkje einaste, guddommen for farao Akhenaton.[5][6]

Thumb
Ra på solskipet, med solskiva over.

Egyptarane skildra guden Ra som ført over himmelen i ein solbåt, følgd av andre gudar. For grekarane var han Helios, som blei frakta på ei vogn trekt av eldhestar. Frå Elagabalus si tid seint i Romarriket blei fødselsdagen til sola feira som høgtida Sol Invictus (bokstaveleg "Uovervunnen sol") kort tid etter vintersolkverv, noko som kan ha vore ein forløpar for julefeiring. Samanstilt med fiksstjernar ser sola sett frå jorda ut til å gå ein gong i året langs ekliptikken gjennom stjerneteikna. På grunn av dette kategoriserte greske astronomar henne som ein av dei sju planetane (gresk planetes, ‘vandrar’). Namna på dagane i veka avleidd frå dei sju planetene stammar frå romersk tid.[7][8]

I proto-indo-europeisk religion vart sola personifisert som gudinna *Seh2ul.[9][10] Avleiingar av denne gudinna i indoeuropeiske språk inkluderer den norrøne Sól, sanskrit Surya, gallisk Sulis, litauisk Saulė og slaviske Solnse.[10] I den gamle greske religionen var solguden den mannlege guden Helios, som i seinare tider blei synkretisert med Apollo.[11][12]

I Bibelen nemner Malaki 4:2 «rettferdssola»,[13][14] som nokre kristne har tolka som ein referanse til Messias (Kristus).[15] I den gamle romerske kulturen var sundag dagen til solguden. I heidensk gudsdyrking var sola ei kjelde til liv, og gav varme og opplysing. Ho var sentrum for ein populær kult blant romarar som stod i solrenninga om morgonen for å oppleva dei fyrste solstrålane når dei bad. Feiringa av vintersolkverv var ein del av den romerske kulten til den uovervinnelege sola (Sol Invictus). Symbolet for lyset var ei heidensk førestilling som kristne brukte, og kanskje den viktigaste som ikkje kom frå jødiske tradisjonar. Sundagen blei teken i bruk av kristne som sabbatsdagen. Kristne kyrkjer blei bygde slik at kyrkjelyden såg mot soloppgangen.[16]

Tonatiuh, den aztekiske guden for sola,[17] var nært knytt til menneskeofring.[17] Solgudinna Amaterasu er den viktigaste gudinna i shinto-religionen, og ho skal vera den direkte formora til alle japanske keisarar.[18][19]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads