Soldi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Soldi» (norsk 'pengar') er ein italiensk song som vert framført av den italienske songaren Mahmood. Han er skriven av Mahmood sjølv, saman med Charlie Charles og Dario «Dardust» Fain. Songen vart sloppen for digital nedlasting 6. februar 2019 og vann den største musikktevlinga i Italia, San Remo-festivalen, tre dagar seinare. Gjennom sigeren vart «Soldi» det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv laurdag 18. mai.[1] Der enda songen på andreplass. Songen har italiensk tekst, med eit par linjer på arabisk.[2][3]
Remove ads
Bakgrunn
Komposisjon og oppbygging
I eit intervju med magasinet TV Sorrisi e Canzoni fortalde Mahmood at han byrja å skrive songen medan han var saman med nokre vener.[4] Han brukte ei stund på å fullføre songen, og fekk hjelp til å utvikla sounden og komposisjonen av produsentane Dardust og Charlie Charles.[5][6] Songen har element av pop, R&B, trap og hiphop – i tillegg til inspirasjon frå arabisk musikk og marokkansk pop.[7]
«Soldi» har ikkje eit eige refreng, men er bygd opp av tre element, ifølgje den italienske musikkprodusenten Andrea Rodini. Elementa er gjentaking av ordet «soldi» ('pengar'), verset «come va» ('kva skjer?'), og dessutan lyden av klappande hender, noko Rodini skildrar som eit «kubistisk refreng».[6]
Teksta
«Soldi» er ein sjølvbiografisk song om familien til Mahmood.[8] Mahmood er fødd og oppvaksen i Milano i Italia. Mora er sardinsk, medan faren er egyptisk og forlét familien då Mahmood var seks år.[9] Den italienske teksta omhandlar Mahmoods forhold til faren og skildrar faren som ein ljugande, sjølvmotseiande og upåliteleg far – meir oppteken av pengar enn av sin eigen familie.[10][11][12] Pengar får difor hovudskulda for at far-son-forholdet tok slutt, til sterk skilnad frå andre trap-låtar, der pengar ofte vert framstilt som det ulitmate målet i livet.[6] Mahmood sjølv forklarte at songteksta «vekkjer minne», og at «det er mykje sinne» og «sårheit» i henne.[8]
Teksta har òg ei verselinje på arabisk, som vert gjenteken to gonger. Sjølv om Mahmood sjølv ikkje snakkar arabisk, fortalde han at han framleis hugsar korleis faren ropte på han som barn. Mahmood brukte den arabiske setninga til å ta seg sjølv tilbake til eit spesifikt tidspunkt som barn.[12][13]
Remove ads
Sanremo og Eurovision

San Remo-festivalen
I desember 2018 vart Mahmood plukka ut til å delta i Sanremo Giovani, ein tv-send tevlinga for å plukka ut to nykommarar til å delta i San Remo-festivalen – den største musikktevlinga i Italia.[14] Mahmood vann sin semifinale med låten «Gioventù bruciata» og vann òg kritikarprisen.[15][16] Gjennom sigeren sikra han seg ein plass i San Remo-festivalen, der han deltok med låten «Soldi».[17]
«Soldi» vart fyrste gong framført 5. februar 2019, under det første showet i San Remo-festivalen 2019. Mahmood framførte songen med orkester, dirigert av medkomponist Dario «Dardust» Faini.[18][19] Sidan framførte han låten 8. februar i ny versjon og saman med rapparen Gué Pequeno.[20][21] «Soldi» kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. februar, der han nådde topp tre i fyrste runde.[22] I andre og siste røysterunde slo han utfordrarane Ultimo med «I tuoi particolari» og «Musica che resta» med Il Volo.[23] Sjåarane hadde Mahmood på tredjeplass, men Mahmood sikra seg sigeren samanlagt, takka vera høge poeng frå fagjuryen. Han fekk òg Enzo Jannacci-utmerkinga for beste framføring i festivalen.[24] Men sigeren skapa debatt, blant anna fordi «Soldi» ikkje var favoritten til sjåarane, og fordi enkelte politikarar ikkje såg på Mahmood som «italiensk nok».[25][26] Til trass for dette, har «Soldi» vorte ein stor hit i Italia og nådde toppen av den italienske singellista veka etter sigeren.[27]
Eurovision Song Contest
Som vinnar av San Remo-festivalen, tilbaud kringkastaren Rai Mahmood å representere Italia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Mahmood takka ja til tilbodet og representerte dimed Italia med «Soldi» i finalen laurdag 18. mai.[28] «Soldi» enda til slutt på andreplass, 26 poeng bak vinnaren «Arcade» frå Nederland.[29][30]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads