Italia i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Italia i Eurovision Song Contest
Remove ads

Italia debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. I 2022 deltok Italia for 47. gong, om ein ikkje reknar med den avlyste 2020-utgåva. Italia er eitt av dei fem store landa – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifisert til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Italia har vunne Eurovision Song Contest tre gongar: 1964, 1990 og 2021. Italia har kome på sisteplass éin gong, i 1966.[1] Italia har halde seg borte frå Eurovision Song Contest i åra 19811982, 1986, 19941996 og 19982010, men etter returen i 2011 har Italia vore blant dei ti beste åtte gongar, seinast med sigeren i 2021.

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Remove ads

Italias eigne songtevling, San Remo-festivalen frå 1951, er opphavet til Eurovision Song Contest, og ei rekkje av San Remo-vinnarane har representert Italia i Eurovision Song Contest.[2] Landet har levert fleire slagerar og hitar til Eurovision Song Contest, der tredjeplassen til Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» frå 1958 er den mest kjende. Under namnet «Volare» vart songen ein stor internasjonal slager og nådde førsteplassen på den amerikanske Billboard-lista. Vinnaren frå 1964, Gigliola Cinquetti og «Non ho l'età», vart også ein slager over heile Europa, det same gjorde låtar som «Piove» (1959), «Era» (1975), «Non so che darei» (1980) og «Gente di mare» (1987).

Fråværet 1990- og 2000-åra har ført til at Eurovision Song Contest er ei relativ ukjent tevling i Italia, særleg blant yngre italienarar.[3] Då Italia returnerte i 2021, var sjåartala låge, men mot slutten av 2010-åra auka antall sjåarar og marknadsandelen til rundt 20 prosent.[4][5][6] Den aukande interessa skuldast at kjende og populære artistar har representert Italia, og at kringkastaren Rai flytta finalen til sin flaggskipkanal, Rai 1.[7][8] Då Italia vann i 2021, vart finalen sett av rekordhøge 4,5 millionar sjåarar og ein marknadsdel på 25 prosent.[9]

Remove ads

Historikk

Det er ålmennkringkastaren Rai som har ansvaret med å velje ut det italienske bidraget til Eurovision Song Contest. Italia var eitt av sju land som var med på å starte Eurovision Song Contest, og det var Rai si eiga musikktevling, San Remo-festivalen, som var inspirasjonen til Eurovision Song Contest.

Fråvær og retur

Fram til 1981 var Italia ein trufast deltakar i Eurovision Song Contest, men utover 1980- og 1990-talet sto Rai over tevlinga ved ei rekkje høve. Etter 1997 forsvann Italia fra Eurovision Song Contest og kom ikkje tilbake igjen før i 2011, fjorten år seinare. Årsaka til dei mange fråværa har av Rai vorte forklart med dalande sjåartal og laber interesse blant italienske musikarar.[10][11]

I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen ei ordning som sikra at dei fire største økonomiske bidragsytarane fekk automatisk innpass i Eurovision-finalen. Gruppa vart kalla dei fire store og bestod av Tyskland, Storbritannia, Spania og Frankrike. Då Italia kom tilbake til Eurovision Song Contest i 2011, gjekk Italia inn blant dei fire store – som dimed vart utvida til dei fem store. Italia har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[12] Italia har arrangert Eurovision Song Contest to gongar, i Napoli i 1965 og i Roma i 1991.

Fleire suksessar

Italia har jamt over vore eit svært suksessrikt land i Eurovision Song Contest. Landet har tre sigrar, tre andreplassar og fem tredjeplassar. Italia har også levert fleire store slagerar til tevlinga, blant andre «Gente di mare» (1987), «Non ho l'età» (1964) og «Non so che darei» (1980). Den mest kjende er nok likevel tredjeplassen frp 1958, «Nel blu dipinto di blu» – betre kjend som «Volare». Under jubileumsprogrammet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest, vart «Nel blu dipinto di blu» kåra til den nest største Eurovision-hiten gjennom tidene, berre slått av ABBA og songen «Waterloo» frå 1974.[13]

Etter returen i 2011 har Italia fortsett å gjere det bra i Eurovision Song Contest og har kome blant dei ti beste ni gongar sidan – inkludert éin siger, to andreplassar og ein tredjeplass. Suksessen skuldast blant anna at Italia har sendt store, nasjonale stjerner som Marco Mengoni, Francesco Gabbani, Mahmood og gruppene Il Volo og Måneskin.

Remove ads

Bidraga

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Røystehistorikk (1956-2021)

Meir informasjon #, Land ...

Galleri

Eurovision Song Contest i Italia

Meir informasjon År, Stad ...

Sjå òg

Referansar

Loading content...

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads