Solo av Blanka Stajkow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Solo av Blanka Stajkow
Remove ads

«Solo» er ein popsong frå 2022 med den polske songaren og modellen Blanka Stajkow. Songen vann den polske musikktevlinga Tu bije serce Europy! Wybieramy hit na Eurowizję i februar 2023 og var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om sangen

«Solo» er skriven av eit breidt låtskrivarteam, der songaren Blanka Stajkow er blant dei. Ifølgje Stajkow handlar låten om einsidige og falske forhold, der den eine parten «mistar hovudet for den andre», sjølv om den andre parten berre leikar med dei.[1] Songen uttrykkjer trua på at det enkelte gongar er best å vere åleine, og at det er heilt ok – derav tittelen «Solo» (‘åleine’).[2]

«Solo» blei 15. februar 2023 kunngjord som eit av ti bidrag i den polske songtevlinga Tu bije serce Europy! Wybieramy hit na Eurowizję, der vinnaren fekk representere Polen i Eurovision Song Contest 2023. I finalen 26. februar gjekk låten til topps og ble dimed det polske bidraget til Eurovision Song Contest.

Polen deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Solo» på ein tredjeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[3] I finalen fekk songen 93 poeng og enda på 19. plass.[4][5]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2023), Høgaste plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads