Something in the Air av Thunderclap Newman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Something in the Air» er ein song spelt inn av Thunderclap Newman og skriven av Speedy Keen, som òg song på songen. Han låg på toppen av den britiske singellista i tre veker i juli 1969.[1] Songen er blitt nytta i filmar, fjernsyn og reklamar, og har blitt spelt inn av mange andre artistar. Songen vart gjeven ut på det einaste albumet til Thunderclap Newman, Hollywood Dream, over eit år seinare.
Remove ads
Thunderclap Newman
I 1969 var Pete Townshend, gitaristen i The Who, drivkrafta bak danninga av bandet. Konseptet var å skape eit band som skulle spele songar skrivne av trommeslagaren og songaren Speedy Keen, som ahdde skrive «Armenia City in the Sky», opningssporet på Who-albumet The Who Sell Out.[2] Townshend henta inn jazzpianisten Andy 'Thunderclap' Newman (ein ven frå studietida),[3] og den 15 år gamle gitaristen Jimmy McCulloch, som sidan spelte sologitar i Paul McCartney sitt Wings frå 1974 til 1977, før han døydde av ein heroinoverdose i 1979, 26 år gammal.[4] Keen spelte trommer og song.
Townshend produserte singelen,[5] arrangerte strykarane og spelte bass på songen under pseudonymet Bijou Drains. Songen heitte opphavleg «Revolution», men fekk seinare nytt namn for å ikkje forvekslast med Beatles-songen med same namnet frå 1968.
Singelen gjekk til topps i Storbritannia berre tre veker etter han kom ut. Suksessen kom brått på, og det var ingen planar om å framføre songen live. Etter kvart vart det sett saman eit band med Jim Pitman-Avory på bass og den eldre broren til McCulloch, Jack, på trommer. Dei spelte eit par konsertar. Dei klarte ikkje å følgje opp suksesen og bandet vart ein one hit wonder. Labelle spelte sidan inn ein versjon av songen i lag med «The Revolution Will Not Be Televised» av Gil Scott-Heron i 1973 på albumet Pressure Cookin'.
Remove ads
Medverkande
- Speedy Keen - solovokal, trommer
- Jimmy McCulloch - solo- og rytmegitar
- Pete Townshend - bassgitar (omtalt som «Bijou Drains»), orkesterarrangement
- Andy Newman - piano, solovokal på «Wilhelmina»
Andre versjonar
Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar, som The Mandrake Memorial i 1969; Labelle i 1973; Herbie Mann i 1974; Simon Park i 1974; Gamma i 1980; Eurythmics i 1985; Fish i 1991; The Lightning Seeds og Trip Shakespeare i 1992; Tom Petty and the Heartbreakers i 1993; U.K. Subs i 2000; The Superjesus i 2001; Elbow og Wellwater Conspiracy i 2003, Hayley Sanderson i 2006, og Donald Fagen med Dukes of September og Polyphonic Spree på konsert i 2010; Velvet Truckstop i 2013.[6]
Lister (Thunderclap Newman-versjonen)
Lister (Tom Petty-versjonen)
I film
«Something in the Air» av Thunderclap Newman er brukt i fleire filmar, som The Magic Christian (1969) og The Strawberry Statement (1970) (som var med på å ta singelen til 37. plassen i USA) og seinare Kingpin (1996), Almost Famous (2000), The Dish (2000), og The Girl Next Door (2004).
Songen er òg mykje nytta i fjernsyn or reklamar.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads