Greatest Hits av Tom Petty

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Greatest Hits er eit samlealbum av Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i 1993. Det er det bestseljande albumet til Petty nokon gong og har i USa seld til 10x platinaplate (eller diamantplate). Singelen «Mary Jane's Last Dance» vart ein av dei mest populære songane til Petty og nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 og toppen av Billboard Mainstream Rock Tracks-lista. Den andre nye songen på albumet var ein coverversjon av Thunderclap Newman-hitten «Something in the Air». Albumet inneheld ingen songar frå albumet Let Me Up (I've Had Enough) frå 1987, men tre songar frå Full Moon Fever frå 1989 var med, trass i at dette albumet teknisk sett var eit soloalbum av Tom Petty med bidrag frå fleire av medlemmane i the Heartbreakers. I september 2011 hadde albumet seld 7 464 000 eksemplar i USA aleine.[8]

Meir informasjon Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

  1. «American Girl» (Tom Petty) – 3:35
  2. «Breakdown» (Petty) – 2:44
  3. «Listen to Her Heart» (Petty) – 3:05
  4. «I Need to Know» (Petty) – 2:26
  5. «Refugee» (Petty, Mike Campbell) – 3:25
  6. «Don't Do Me Like That» (Petty) – 2:44
  7. «Even the Losers» (Petty) – 3:35
  8. «Here Comes My Girl» (Petty, Campbell) – 4:27
  9. «The Waiting» (Petty) – 4:01
  10. «You Got Lucky» (Petty, Campbell) – 3:38
  11. «Don't Come Around Here No More» (Petty, David A. Stewart) – 5:07
  12. «I Won't Back Down» (Petty, Jeff Lynne) – 2:59
  13. «Runnin' Down a Dream» (Petty, Lynne, Campbell) – 4:25
  14. «Free Fallin'» (Petty, Lynne) – 4:18
  15. «Learning to Fly» (Petty, Lynne) – 4:05
  16. «Into the Great Wide Open» (Petty, Lynne) – 3:45
  17. «Mary Jane's Last Dance» (Petty) – 4:35
    • (første utgjeving)
  18. «Something in the Air» (Speedy Keen) – 3:17
    • (Thunderclap Newman-song/første utgjeving)

Den britiske utgåva av albumet har med songen «Anything That's Rock 'n' Roll», opphavleg frå albumet Tom Petty and the Heartbreakers, som spor 3, medan alle dei andre songane kjem i same rekkefølgje. Den britiske utgåva frå 2008 har same rekkefølgje som den amerikanske utgåva.

Ein remastra versjon kom ut 20. mai 2008 der «Something in the Air» var erstatta med «Stop Draggin' My Heart Around», Petty sin duett med Stevie Nicks frå albumet hennar, Bella Donna.

Remove ads

Medverkande

The Heartbreakers
Andre musikarar

Ikkje nemnt på omslaget

  • Jeff Jourard - sologitar på spor 2
  • Noah Shark - perkusjon på spor 1-4
  • Jim Keltner - perkusjon på spor 5
  • Phil Jones - perkusjon på spor 6-14, trommer på spor 12-14
  • Chris Trujillo - perkusjon på spor 17
  • Dean Garcia - introbass på spor 11
  • Daniel Rothmuller - cello på spor 11
  • Stephanie Sprull - korvokal på spor 11
  • Sharon Celani - korvokal på spor 11
  • Marilyn Martin - korvokal på spor 11
Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1993), Plassering ...
Meir informasjon Liste (1994), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads