«Bridge over Troubled Water» er tittelsongen frå det siste albumet til Simon & Garfunkel, som kom ut i januar 1970. Songen vart gjeven ut som singel og denne gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista, og vart liggande der i seks veker.
Innspelinga av songen har synt mykje av den indre striden som var mellom Paul Simon og Art Garfunkel. Mellom anna har Simon fleire gonger sagt at han angra på at han let Grafunkel få synge songen solo, medan han sjølv vart i bakgrunnen. Garfunkel har sagt at då dei spelte songen i lag i 1972 i Madison Square Garden var det «nesten bibelsk».
Rolling Stone kåra songen til den 47. beste gjennom tidene på lista deira over dei 500 største songane.
Bakgrunn
Simon skreiv songen sommaren 1969 medan Garfunkel filma Catch-22 i Europa.
Songen hadde opphavleg to vers og ein annan tekst. Simon skreiv han spesifikt for Garfunkel og visste det kom til å vere ein pianosong. Teksten i refrenget var delvis inspirert av Claude Jeter si linje «I'll be your bridge over deep water if you trust in me,», som Jeter song i gruppa si Swan Silvertones i songen «Mary Don't You Weep» i 1958.[1]
Garfunkel likte visstnok falsettsynginga til Simon på demoen og foreslo opphavleg at Simon skulle syngje han. Han og produsenten Roy Halee tykte òg at songen trengde eit tredje vers og ein «mektigare» lyd mot slutten. Simon gjekk med på det og skreiv eit siste vers.[2]
Dei første to forsøka til Garfunkel på å syngje songen var mislukka. Dei første to versa vart til slutt innspelt i New York, medan det siste verset vart spelt inn først, i Los Angeles. Delar av songen vart første gong høyrt offentleg den 30. november 1969, då han vart spelt i ein TV-spesial på CBS. Musikken kan høyrast i bakgrunnen til eit klipp med John F. Kennedy, Robert Kennedy og Martin Luther King, Jr.[3]
Larry Knechtel brukte fire dagar på å utarbeide pianoarrangementet. Garfunkel lagde pianoakkordane mellom versa, medan han arbeidde med Knechtel.
Mot slutten byggjer trommer, strykarar og piano opp eit crescendo til eit klimaks. Den siste akkorden, berre spelt av høge strykarar, varer i ti sekund.
Prisar
Singelen vann Grammy-pris for «Årets singel» og «Årets song» under utdelinga i 1971, og albumet vann òg fleire prisar.
Andre utgåver
Aretha Franklin
Aretha Franklin spelte ein gospel-inspirert versjon av songen på albumet Aretha Live at Fillmore West. Denne versjonen nådde førsteplassen på R&B-lista i USA og sjetteplassen på pop-lista.[4] Seinare vann ho Grammy for beste kvinnlege R&B-vokal i 1972.
Elvis Presley
Elvis Presley spelte inn songen i Nasvhille den 5. juni 1970 og gav han ut på albumet That's the Way It Is. Han spelte òg songen mykje i Las Vegas. Paul Simon såg ein av konsertane der Elvis spelte songen, og skal ha sagt, «Det var det, no kan vi like gjerne alle gje opp». Presley spelte songen mykje resten av karrieren sin, mellom anna på den siste konserten hans i Indianapolis den 26. juni 1977.
Andre artistar
- The Supremes spelte ein versjon i 1970.
- The Jackson 5 spelte songen på Third Album i 1970.
- Nana Mouskouri spelte songen i 1970.
- Roberta Flack spelte songen på albumet Quiet Fire i 1971.
- Buck Owens and the Buckaroos spelte ein countryversjon av songen. Denne nådde Topp 10 på countrylista i 1971.
- Shirley Bassey spelte songen på albumet Something Else i 1971.
- Jimmy London spelte ein reggaeversjon av songen i 1972.
- Willie Nelson spelte songen i 1982 på Always on My Mind. Han framførte òg songen under avslutningsseremonien for vinter-OL 2002 i Salt Lake City i Utah.[5]
- I 1994 spelte saksofonist Richard Elliot songen påAfter Dark.[6]
- Michael W. Smith spelte songen på albumet Healing Rain i 2001.
- David Foster, Andrea Bocelli og Mary J. Blige spelte songen i lag 31. januar 2010 under Grammy-prisutdelinga. Denne versjonen vart gjeven ut på singel og nådde 75. plass på den amerikanske singellista.
- Songen er òg spelt av Perry Como, Anita Baker, Michael W. Smith, Clay Aiken, Roy Orbison, Morten Harket, Josh Groban, Brian McKnight, Eva Cassidy, Johnny Cash, Stevie Wonder, Peggy Lee[7], Black Label Society, Casiopea og Charlotte Church.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.