Songen Pretzel Logic

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Pretzel Logic» er ein song skriven av Walter Becker og Donald Fagen, gjeven ut på singel av Steely Dan for albumet Pretzel Logic, opphavleg gjeven ut i 1974 av ABC Records.[3] Han nådde 57. plassen på Billboard-lista.[4]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Billboard skildra «Pretzel Logic» som ein «bluesaktig rockehit» og roste vokalen, produksjonen og «det fengande instrumentale refrenget.[5] Rolling Stone-kritikaren Bud Scoppa skildra «Pretzel Logic» som ein av dei meir ordinære songane på albumet og kalla han ein «modifisert blues».[6]

Remove ads

Medverkande

Andre versjonar

I 1987 vart songen spelt av Hiram Bullock på albumet sitt Give It What You Got.

Eit konsertopptak av INXS vart spelt inn på konserten Moontan Double J Concert At Manly Vale Hotel, October 1980. Ei innspeling finst på samleplata Stay Young 1979–1982.

New York Rock and Soul Revue spelte han inn i 1991, leia av Donald Fagen.

Songen vart framført av The Warren Haynes Band, frå Allman Brothers Band og Gov't Mule-leiaren Warren Haynes, som han skipa i 2010. I 2012 vart songen gjeven ut på albumet deira Live at The Moody Theater.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads