Songen The Lamb Lies Down on Broadway

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Lamb Lies Down on Broadway er opningssongen på Genesis-albumet med same namn frå 1974. Songen vart gjeven ut som singel i USA, men gjekk ikkje inn på salslista. FM-radiostasjonar der spelte han derimot ofte.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Som andre songar på albumet er teksten og musikken i «The Lamb Lies Down on Broadway» delvis basert på soulsongar frå 1960-åra. Slutten av songen inneheld teksten «They say the neon lights are bright on Broadway. They say there's always magic in the air» frå The Drifters-songen «On Broadway».

Basspelinga til Mike Rutherford på songen har vorte skildra som å ha «assosiasjonar til aggressiv energi», noko som høver bra med sinte og kriminelle hovudpersonen Rael i konseptet på albumet.[1]

Etter at Gabriel slutta i bandet var det Phil Collins som songen, og han vart ofte spelt på dei første turneane til bandet, vanlegvis ved at slutten på «The Musical Box» glei over i denne.[2] Eit konsertopptak finst på Seconds Out frå 1977 samt som «Old Medley» på The Way We Walk, Volume Two: The Longs frå 1993. Songen vart òg spelt i sin heilskap på Calling All Stations-turneen i 1998 med Ray Wilson på vokal.

Peter Gabriel song òg songen under ekstranummera til konsertane sine i 1978.

Det progressive rockebandet The Flower Kings spelte songen på det første konsertalbumet deira, Alive on Planet Earth. Rockegitaristen Paul Gilbert spelte songen på soloalbumet sitt Gilbert Hotel i 2003.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads