Songen Trans-Europe Express

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Trans-Europe Express» er tittelsporet på albumet til Kraftwerk frå 1977 med same namn, og vart gjeven ut som singel på denne tida. Musikken var skriven av Ralf Hütter, medan teksten vart skriven av Hütter og Florian Schneider. Songen omhandlar jernbanesystemet Trans Europ Express og både teknologi og transport var ofte vanlege tema i musikken til Kraftwerk. Songen har sidan vorte ei inspirasjonskjelde via andre, både i hip-hop via interpolasjonen til Afrika Bambaata (via Arthur Baker) på den tidlege hip-hopsongen «Planet Rock», som igjen er samla og miksa av mange andre artistar som Paul Oakenfold for musikken til Swordfish og av moderne eksperimentelle band som electroclash-banda tidleg på 2000-talet.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Utgjeving

«Trans-Europe Express» vart gjeve ut som singel i 1977,[2] og gjekk inn på Billboard Hot 100, der han nådde 67. plass.[3] Trans-Europe Express gjekk inn på salslistene i Storbritannia først i 1980-åra.

Musikk og tekst

Allmusic skildra dei musikalske elementa i som stemningskapande med ein utrykkslaus tekst der det rytmiske grunnlaget vert lagvis oppbygd på liknande måte som den tidlegare «Autobahn» vart bygd opp».[1] Teksten på songen refererer til albumet Station to Station og ei tmøte med musikarane Iggy Pop og David Bowie.[4] Hütter og Schneider hadde tidlegare møtt Bowie i Tyskland og var smigra over merksemda dei fekk frå han.[5] Ralf Hütter var interessert i arbeidet til Bowie sidan han hadde arbeida med Iggy Pop, som var den tidlegare frontmannen i The Stooges; ei av favorittgruppene til Hütter.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads