Sonia Bisset

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sonia Bisset Poll (fødd 1. april 1971) er ein kubansk tidlegare spjutkastar frå Santiago de Cuba. Ho var ein verdas beste kvinnelege spjutkastarar i perioden 1997-2007, tok VM-bronse i øvinga i 2001.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Bisset plasserte seg mellom dei sju beste i spjut-tevlinga i samtlege seks verdsmeisterskap og to olympiske leikar i tida frå 1997 til 2007. Med eitt einaste unntak enda ho på plassane 5, 6 og 7. Unnataket kom under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. Her kasta ho 64,69 meter og sikra seg bronsen med god margin. Høgdepunktet for Bisset var likevel IAAF-finalen 2000 i Doha, der ho kasta 65,87 meter og vann med høvesvis 1 og 8 centimeters margin til sterke utøvarar som Trine Hattestad og si eiga landskvinnne Osleidys Menéndez. Sommaren 2005 presterte Bisset livsbeste med 67,67 meter ved eit stemne i Salamanca.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads