Sonny Landreth

amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sonny Landreth
Remove ads

Sonny Landreth (fødd 1. februar 1951) er ein USA-amerikansk bluesmusikar frå sørvest i Louisiana. Han er særleg kjend som slidegitarist. Han var fødd i Canton i Mississippi, og slo seg ned i Lafayette i Louisiana.[1][2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han har ein uvanleg gitarstil og har spelt på innspelingar av John Hiatt, Leslie West, Mountain og mange andre.

Remove ads

Biografi

Landreth byrja å spele gitar etter å ha spelt trompet i lengre tid. Den tidlegaste inspirasjonen hans kom frå Scotty Moore, gitaristen i bandet til Elvis Presley, men etter kvart lærte han seg å spele frå innspelingar av artistar og grupper som Chet Atkins og the Ventures. Som tenåring byrja Landreth å spele med vener i huset til foreldra.

Etter den første profesjonelle konserten sin med trekkspelspelaren Clifton Chenier i 1970-åra (der han ei stund var den einaste kvite fyren i Red Beans & Rice Revue), sette Landreth ut på eiga hand, men ikkje før han hadde spelt inn to album for Blues Unlimited-etiketten i Crowley i Louisiana, Blues Attack i 1981 og Way Down i Louisiana i 1985. Det andre albumet vart lagt merke til av platebransjen i Nashville, som igjen førte til at han gjekk i studio og ut på turné med John Hiatt. Dette førte vidare til arbeid med John Mayall, som spelte inn Landreth sin «Congo Square». I nyare tid har han arbeidd med bandleiaren og pianisten Allen Toussaint.

Remove ads

Diskografi

Solo

  • Blues Attack (1981)[1][3]
  • Way Down in Louisiana (1986)[1][3]
  • Outward Bound (1992)[3]
  • South of I-10 (1995)[1][3]
  • Crazy Cajun Recordings (1999) - innspelingar frå 1973 og 1977[3]
  • Prodigal Son: The Collection (2000) - innspelingar frå 1973 og 1977[3]
  • Levee Town (2000)[3]
  • The Road We're On (2003), nådde toppen av blueslista i USA.[4]
  • Grant Street (2005) - konsertopptak, nådde andreplassen på blueslista i USA.[4]
  • Sonny Landreth - Live At Jazz Fest 2007 (2007) - konsertopptak
  • From the Reach (2008), nådde førsteplassen på blueslista i USA.[4]
  • Elemental Journey (2012), nådde fjerdeplassen på blueslista i USA.[4]

Som studiomusikar

med Jimmy Buffett:

  • «USS Zydecosmobile» og «Mademoiselle (Voulez-Vous Danser)» på Far Side of the World (2002)
  • License to Chill (2004)
  • Live at Fenway Park (2005)
  • Jimmy Buffett på Hoot (2006)
  • Take the Weather With You (2006)

med John Hiatt:

  • Slow Turning (1988)
  • The Tiki Bar is Open (2001)
  • Beneath This Gruff Exterior (2003)

med Eric Johnson:

  • Up Close (2010) - songen «Your Book»

med andre:

  • «When The Levee Breaks» og «The Wrong Side» på Lay Your Burden Down av Buckwheat Zydeco
  • «Then I'm Gonna Make Love To You» på Elliott Murphy sitt «Selling The Gold» 1995
  • Eric Clapton's Crossroads Guitar Festival 2007
  • Eric Clapton's Crossroads Guitar Festival 2010
  • Mark Knopfler og Golden Heart (1996)
  • Mark Knopfler og A Night In London (1996)
  • Gov't Mule og 32/20 Blues
  • Little Feat og Join The Band (2008)
  • Alain Bashung og Osez Joséphine (1991)
  • Alain Bashung's Chatterton (1994)
  • «T-Bone Shuffle» på Roots av Johnny Winter (2011)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads