Sophus Kahrs
norsk frontkjempar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sophus Buck Kahrs (28. mars 1918–18. november 1986)[1] var ein norsk hirdmann og frontkjemparoffiser under andre verdskrigen.[2][3]
I 1934 meldte Kahrs seg inn i Nasjonal Samling.[2] Han blei også med i Hirden, og var frå 1936 medlem i NS Kamporganisasjon.[2] Under andre verdskrigen blei han løytnant, og ei stund fungerande bataljonssjef i den norske skijegerbataljon (1944) som deltok i krigen på tysk side.[3] Før dette blei han send til Austfronten som troppsførar og kompanisjef ved Leningrad, i Den norske Legion.[2] For innsatsen sin i 1944 i Karelen blei han tildelt Jernkrossen av 1. klasse.[3] Kahrs var ved krigens slutt leder for Førergarden,[2] Vidkun Quislings livgarde.
I landssvikoppgjeret etter krigen blei Kahrs dømt til 10 år straffarbeid og 19 års fengsel.[2] 3. juli 1947 rømte han, saman med tre andre, frå Espeland fangeleir.[2] I lag med ti andre landssvikdømte flykta han til Sør-Amerika med båten «Solbris» i 1947. [4] I Brasil vart han halden igjen av styresmaktene i nesten eitt år før han fekk reise vidare til Buenos Aires i Argentina, der han vart buande livet ut.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads