Soroca
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Soroca er ein by og ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Soroca i Moldova og hovudsete i distriktet. Han ligg ved elva Dnister, om lag 160 km nord for Chișinău og har om lag 22 000 innbyggjarar. I 2016 fekk Soroca status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.[2][3]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Soroca (fleirtyding).
Soroca har ein forholdsvis stor minoritet av sigøynarar, noko som har gjort at byen stundom vert kalla «sigøynarane sin hovudstad».[4]

Byen har opphavet sitt som ein mellomaldersk handelsstasjon for Republikken Genova. Seinare bygde fyrst Stefan III av Moldavia ei festning her i 1499 som byen er kjend for i dag.
Under den store tyrkiske krigen klarte John Sobieski og styrkane hans å forsvare festninga mot osmanarane. Byen var militært viktig under Prut-felttoget til Peter den store i 1711. Festninga vart plyndra av russarane under den russisk-tyrkiske krigen 1735-1739.
Remove ads
Folketal
Kommunen har den eine busetnaden. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads