Sosialdemokratane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sosialdemokratane (Sosialdemokratene) var eit parti som stilte til val i fem fylke ved stortingsvalet 2001.

For andre parti med liknande namn, sjå Det sosialdemokratiske partiet.
Kjappe fakta Land, Grunnlagt ...

Historie

Partiet oppstod som eit ubrytarparti frå Pensjonistpartiet, som stilte til val ved stortingsvalet 1993 under namnet Felles Framtid. I 1995 skifta det namn til Folkets Vilje, og i 1999 til Generasjonspartiet. I 2000 ville partiet skifta namn til Sosialdemokratane, men Arbeidarpartiet la ned protest mot dette. Protesten vart avvist 7. februar 2001.[1] Sjølv om Arbeidarpartiet anka,[2] gjekk endringa til slutt gjennom.

I 2003 søkte Sosialdemokratane til Brønnøysundregisteret om namneendring til Demokratane, men om lag samstundes registrerte Vidar Kleppe sitt nye parti Demokratane. Sosialdemokratane la ned protest til valstyra i alle fylke der Demokratane stilte liste, men fekk avslag. Sosialdemokratane har ikkje stilt til val igjen.

Stortingsvalet 2001

Sosialdemokratane fekk i 2001 til saman 351 røyster, eller 0,01 % av røystene på landsbasis. I dei enkelte fylka fekk dei:

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads