Sounds of Silence
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sounds of Silence er det andre studioalbumet til Simon and Garfunkel, gjeve ut 17. januar 1966. Albumtittelen er berre litt annleis enn den første store hitten deira, «The Sounds of Silence».[2] Songen vart gjeven ut i ei akustisk utgåve på det førre albumet deira, Wednesday Morning, 3 A.M., og seinare på filmmusikkalbumet til filmen The Graduate. Utan at Simon og Garfunkel visste om det, la produsenten av den første, akustiske utgåva av songen på elektriske instrument og trommer med studiobandet til Bob Dylan den 15. juni 1965.[3][4] Denne versjonen vart gjeven ut på singel i september same året. Seinare vart denne nye utgåva gjeven ut på dette albumet.
«Homeward Bound» vart gjeven ut på albumet i Storbritannia, men ikkje i USA. Mange av songane på albumet vart skrivne av Paul Simon medan han var i London i 1965. Fleire av desse songane var òg gjevne ut på soloalbumet hans The Paul Simon Songbook, som kom ut i august 1965 i England. Desse songane er «I Am a Rock», «Leaves That Are Green», «April Come She Will», «A Most Peculiar Man» og «Kathy's Song».
«Richard Cory» var basert på eit dikt av Edwin Arlington Robinson, «Somewhere They Can't Find Me» var i røynda ei omskriving av «Wednesday Morning, 3 A.M.» frå det førre albumet, «We've Got a Groovy Thing Goin'» hadde kome ut som B-sida av «The Sound of Silence» eit par månader før og «Anji» var ein coverversjon av ein instrumental av gitaristen Davey Graham som Simon hadde møtt i England. Den einaste heilt nye Paul Simon-songen på albumet var derfor «Blessed».
Heile albumet vart gjeven ut i plateboksane Collected Works og The Columbia Studio Recordings (1964–1970). 22. mars 2013 vart det annonsert at albumet skulle bevarast av Library of Congress i National Recording Registry, som kalla det «kulturelt, historisk eller estetisk viktig».
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Paul Simon, utanom der andre er nemnde
Produsert av Bob Johnston
Spor 12 produsert av Bob Johnston Spor 13–15 produsert av Paul Simon, Art Garfunkel & Roy Halee
Innhald på britisk versjon
Alle spor skrivne av Paul Simon, utanom der andre er nemnde
Salslister
Remove ads
Medverkande
- Paul Simon – solovokal, gitar
- Art Garfunkel – solovokal
- Fred Carter Jr., Glen Campbell, John South – gitar
- Larry Knechtel – klaverinstrument
- Joe Osborn – bassgitar
- Hal Blaine – trommer
- Bob Johnston – produsent
Sounds of Silence vart spelt inn i april, juni og desember 1965 i CBS Studios i New York City og Los Angeles.
«The Sound of Silence» (elektriske instrument)
- Al Gorgoni, Vinnie Bell – gitar
- Joe Mack – bassgitar[6]
- Bobby Gregg – trommer
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads