Sovjetunionen i Eurovision Song Contest
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sovjetunionen gjorde fleire forsøk på å debutere i Eurovision Song Contest på slutten av 1980-talet.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
I 2009 sa Eduard Fomin, ein tidlegare tilsett i departementet for utdanning i Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, at George Veselov, utdanningsminister i Sovjetunionen, brakte fram idéen om ein deltaking i Eurovision Song Contest grunna politiske reformer gjort av Mikhail Gorbatsjov, tidlegare president i Sovjetunionen, på slutten av 1980-talet. Idéen var i hovudsak politisk, med tanke på at ein siger i tevlinga for Sovjetunionen ville påverke forholdet mellom Sovjetunionen og dei kapitalistiske landa i vest. Valery Leontyev vart føreslått som den fyrste deltakaren til Sovjetunionen, men ein sovjetiske deltaking fann aldri stad. Ti av republikkane i Sovjetunionen har seinare delteke i tevlinga: Russland, Estland, Litauen, Latvia, Ukraina, Kviterussland, Moldova, Armenia, Georgia og Aserbajdsjan. Fem av landa har òg vunne tevlinga.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Unsuccessful attempts to participate in the Eurovision Song Contest#Soviet Union» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads