Spheniscus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spheniscus er ei biologisk slekt av fire pingvinartar. Felles karakteristiske trekk inkluderer eit svart band som går rundt den kvite undersida langs kanten mot den mørke ryggsida, eit mørkt nebb, og eit kvitt band bak og rundt øyreområdet som kan teikne ein brillefigur. Det siste er framtredande hos kappingvin som tidlegarer blei kalla 'brillepingvin' på norsk.[1] Alle medlemmer av denne slekta legg egga sine i hòler.[2] Tre av artane lever i temperert klima som Sør-Afrika og langs kysten av Peru, Chile, Falklandsøyane og sørlege kysten av Argentina, medan ein er endemisk for Galápagosøyane, og er den nordlegaste av alle pingvinartar.
Remove ads
Artsliste
Spheniscus-pingvinar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
- Kappingvin, Spheniscus demersus
- Humboldtpingvin, Spheniscus humboldti
- Galapagospingvin, Spheniscus mendiculus
- Magellanpingvin, Spheniscus magellanicus
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads