Spike Island i Cheshire

From Wikipedia, the free encyclopedia

Spike Island i Cheshiremap
Remove ads

Spike Island er ei kunstig øy i Halton Borough i Widnes i England, mellom Sankey Canal og estuaret til Merseyelva. Det var her den kjemiske industrien starta i Storbritannia, og øya var ein giftig avfallsplass som er omgjort til eit naturområde. Øya er i dag ein ramsarstad som omfattar våtmark, parkområde og gangstiar. Ho ligg like ved vitskapsmuseumet Catalyst Science Discovery Centre.

Kjappe fakta Land ...

Virvaret av gamle kjemiske fabrikkar, jernbanelinjer, kanalar og industrielle dokkplassar og industriforureining, som hadde vorte eit rusta, giftig belte i villmarka, vart rydda opp og gjort om til skogsområde, våtmarksområde og grøntområde mellom 1975 og 1982. Eit lagerhus vart verande att og er i dag eit katalysatormuseum, det einaste vitskapsmuseumet i Storbritannia som berre omhandlar kjemi.

Lokalt vert øya ofte berre kalla Spikey.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

53°21′14″N 2°43′50″W

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads