Ramsar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ramsar (رامسر, også romanisert som Rāmsar og Rānsar og tidlegare også kalla Sakht sar)[1] er ein by i Iran ved kysten av Kaspihavet. Han er fylkeshovudstad for Ramsar-fylket i provinsen Mazandaran. Ved folketeljinga i 2006 hadde han eit folketal på 31 659.[2]
- Denne artikkelen handlar om staden i Iran. For stadar omfatta av vernekonvensjonen, sjå Ramsarstader.
Innbyggjarar i Ramsar talar det nordvestiranske språket gilaki. Staden er kjend for å ha ei av dei høgaste bakgrunnsstrålingane på jorda.
Remove ads
Stad
Ramsar er den vestlegaste byen og fylket i Mazandaran. Han har kyst mot Kaspihavet i nord, Gilan-provinsen i vest, Qazvin-provinsen to i sør og Tonekabon i aust.
Næringsliv
Ramsar er ein populær kystby for iranske turistar. Staden har også varme kjelder, skoga i Alborz-fjella, ferieslottet til den siste sjahen av Iran og Hotel Ramsar. 27 km sør for Ramsar, i Alborzfjella, ligg landsbyen Javaher Deh som også er ein viktig attraksjon.
Ramsar-konvensjonen
Ramsar-konvensjonen om vern av våtmarksområde blei underskriven i Ramsar i 1971. Avtalen mellom ulike statar dekkjer vern av og samarbeid om våtmakr, med over 1 920 stader på rundt 1 680 000 km² inkluderte på Ramsar-lista over våtmarksområde med internasjonal tyding.[3][4]
Radioaktivitet

Talesh Mahalleh-distriktet i Ramsar er det mest radioaktive folkesette området i verda ein kjenner, på grunn av radiumhaldige varme kjelder i området og lokale byggjemateriale derfrå.[5] Dei rundt 2000 innbyggjarane frå distriktet og andre høgradioaktive område mottek ein gjennomsnittleg årleg strålingsdose på 10 mGy per år, ti gonger meir enn den tilrådde grensa til ICRP for kunstig radioaktiv stråling.[6]
Remove ads
Bilde
- Statue av Rostam framfor Ramsar gamle hotell.
- Skrivebordet til Mohammad Reza Shah
- Dalikhani-skogen
- Javaher Deh
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads