Splitterne
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Splitterne (Thalasseus sandvicensis) er ein kystfugl i måsefamilien, Laridae, med utbreiing hovudsakleg i Afrika og Europa. Dei er noko større enn til dømes makrellterne og har meir rufsete fjører på hovudet.
Remove ads
Skildring
Dette er ei mellomstor, lys terne med svart hette, nokså langt, smalt nebb og lange venger. Undersida er heilt kvit, oversida bleik grå. Farge på bein og nebb skil seg med underart, i Eurasia og Nord-Amerika er nebbet svart med lysegul tupp, i Sør-Amerika vil heile nebbet vere gult. Oftast er beina svarte, men kan vere gule. Kroppslengda er 36 til 40 centimeter, kroppsvekta kan variere så mykje som mellom 130 og 300 gram, dei største fuglane finst i Amerika. Dette er ein maritim art som lever ved kystar i varmt temperert til tropiske klima. Storparten av populasjonane er flyttfuglar.
Utbreiing og taksonomi
Taksonomien for splitterna har vore uklar og arten har lenge ført opp i slekta Sterna.
Utbreiing i Afrika og Eurasia:
- Splitterne hekkar ved kystar i Vest-Europa, i Svartehavet og Kaspihavet. Overvintring skjer både ved kystar av Svartehavet og Kaspihavet og langs afrikanske kystar inklusive Middelhavet, Den arabiske halvøya til nordvestre India og på Sri Lanka. Ho er ein uregelmessig hekkefugl i sørlegaste Noreg[1] og meir vanleg frå Danmark og Storbritannia og sørover til atlanterhavskysten av Frankrike.
IOC World Bird List, versjon 11.2 (2021), skildrar i tillegg Thalasseus acuflavidus, eng: Cabot's Tern, (Cabot, S, 1847) som eit artstakson med følgjande underartar:[2]
- T. a. acuflavidus (Cabot's terne), hekkar på kysten av austre Nord-Amerika, Sentral-Amerika og sørover i Karibia, dei overvintrar så langt sør som på kysten av Peru og Uruguay
- T. a. eurygnathus (Cayenne terne), hekkar på øyar i Karibia, utanfor Venezuela og Fransk Guyana, dessutan frå austlegaste Brasil sør til sørlege Argentina.
Birds of the World, Cornell Lab of Ornithology skildrar splitterne som eit artstakson inkludert Thalasseus acuflavidus i Amerika.[3]
Økologi og status
Splitterner beitar ved kystar eller hav på fisk som kan vere opp til 15 centimeter lange. Fisken kan vere av ulike artar, inkludert artar i ansjosfamilien, sardinfamilien og flygefisk. Dei kan supplere med anna marint føde som små krepsdyr og makk frå mudderbankar, og nokre gonger fugleungar som til dømes av avosettar. Som andre terner i Thalasseus-slekta stupdukkar splitterner frå stor høgd, rundt rekna opptil 10 meter.[4]
Dette er kolonihekkarar, og dei hekkar ofte nær andre terneartar og måseartar. Storleiken på hekkekolonien er oftast under 1000 par, og opptil 4000 par. Til dømes var ein koloni nord for Esbjerg på 3300 par i 2006.[5] Kullet er typisk på to egg, men kan vere på eit eller tre. Ungfuglar startar vanlegvis hekking først når dei er fire år og levealderen kan bli meir enn 20 år.[4]
Den globale populasjonen av splitterner overstig 200 000 individ.[4] Utviklinga av populasjonen har variert over dei ulike leveområda, i Nordvest-Europa har han minka seinare år, til dømes i Danmark.[5] og Storbritannia.[6] BirdLife International reknar den globale populasjonen som stabil og livskraftig.[7]
Remove ads
Galleri
- Ein flokk splitterner rastar ved Världens ände i Ystad i mai 2017.
- Egg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads